Av Åsmund Kristiansen

No reiser seljarane omkring i fine og praktiske bilar, dei har med seg vareprøvar og katalogar som dei fristar butikksjefar og innkjøpssjefar med. Før bilismen si tid reiste seljarane, eller agentane som dei vart kalla, i båt. Og sidan agentane skulle skape gode relasjonar til handelsmenn langs kysten måtte dei ha båtar med stil. Mange stader på Vestlandet gjekk det agentbåtar heilt fram til omkring 1970.

arnafjord_royrvik7_stor
Slik såg Arnafjord ut som ny. I seinare tid vart skroget måla, og som tilsynsbåt for Fiskeridirektoratet fekk ho aktermast. Båten vart kalla ”Agenten” på folkemunne. Det var sikkert naudsynt å gje båtane frå Arnafjord tilnamn, då dei aller fleste heitte noko med Arnafjord. Dei andre hadde namn som ”Kolla” (Arnafjord II den første) og ”To’en” (Arnafjord II den andre). Foto truleg teke 1940 på Leikanger, utlånt av Sigvart Røyrvik.

Ein særprega båttype

Før motorbåtane vart vanleg frå omkring 1910 reiste seljarane med som regel med rutebåtar. Men det vart òg bygd nokre dampbåtar som agentbåtar. Mellom desse er D/S Thorolf, som er verna i Møre og Romsdal. Thorolf er bygd i Rosendal i Hordaland, men høyrde til i Ålesund og gjekk med varer for konfeksjonsfabrikken Devold. Agentbåtane var ikkje mellom dei største, oftast mellom 40 og 65 fot. Og dei aller fleste var bygd i tre. Dei hadde gjerne god maskinkraft og god plass til mannskap og varer.

Dei fleste av agentbåtane var spesialbygde til agentfart. Den gongen var handelsreisande fine folk. Båtane skulle stå i stil og vekke merksemd og interesse, kanskje òg mellom kjøpmennene sin koner og døtrer. Svært mange av verksemdene som sende ut reisande agentar, hadde base i Bergen, Ålesund eller andre større byar. Landhandlarane hadde alltid eit assortert vareutval, og det var derfor godt kundegrunnlag for seljarar frå ulike firma. Forutan kolonialvarer handla dei som oftast med jarnvarer, glas og steintøy, papir, kortevare, manufaktur osv. Båtnamn som Malm, Jern, Hindu, Hansa, Sundt og Wallendahl gir tydelege assosiasjonar og knyter båtane til vareslag, varehus og produsentar.

For dei som arbeidde i butikken og andre som høyrde til handelsfamiliane, var det ofte stor stas med besøk frå agentane. Då fekk dei komme ned i den fine salongen og sjå på alle slags varer. Der vanka det traktement i form av kaffi, sigar eller sigarett, og kanskje ein dram eller eit glas pils for dei som ikkje var fråhaldsfolk. Olav Hjertaker frå Tysnes minnest korleis stemninga var om bord i ein reisandebåt på 1920-talet Det var der ein stor salong midtskips med bord og benker. På alle sider var det fullt av små og større skuffer og skap med prøver av ymse slag som høyrde til. Det var utruleg mange varer som var tekne fram. Det var m.a. synåler, tråd, garn, blonder, gardiner, dresstøy, kjoletøy, forkletøy og ferdig plagg som undertøy, arbeidskle, kjolar, forkle og ymse anna (Avisa Sunnhordland 29.09.01).

arnafjord_royrvik2_stor

Johannes Røyrvik var kokk og maskinist. Biletet er utlånt av sonen, Sigvart Røyrvik, som er aktiv i eigarstiftinga.

Die ”Arnafjord” fährt heim

Arnafjord ligg i Vik kommune i Sogn. Her budde det ein handelsmann som heitte Markus Nese. Han var dessutan reiar, og hadde fleire fartøy av ymse slag. Sonen Bjarne var aktivt med både som skippar og drifta båten som eigar frå 1948. Han eigde båten fram til sin død i 1978. Då selde dotrene Marie og Gerd båten.

For nokre år sidan greidde entusiastar i Vik i Sogn å finne att ein av båtane etter Markus Nese, M/S Arnafjord. Båten fann dei i Lübeck i Tyskland. Her låg ho som ei attergløyme, merkeleg nok aldri ombygd til fritidsbåt. Den første eigaren hadde planer om ombygging og jordomsegling. Men den tyske eigaren sidan 1982, Manfred Rileit hadde for stor ærefrykt for den særeigne maskina. Ein to-sylindra Wichmann semidiesel på 50 hk. Derfor hadde han berre nokre få gangtimar med maskina og nytta båten nærast som ei stasjonær ”campingvogn”. Ingenting var kasta, fjerna eller ombygd, og båten er såleis eit godt utgangspunkt for vern.

Markus Nese hadde nok sans for merkevarebygging. Dei fleste fartøya han eigde heitte noko med Arnafjord. Andre fartøy var t.d. Arnefjord (bygd 1917, no eigd av Morten Nese) og Arnafjord II (bygd 1939, heiter no Ulvikfjord).

M/S Arnafjord vart vurdert verneverdig av Riksantikvaren. Men det var ein lang veg heim til Noreg frå Lübeck. Som kjent er ingenting umogleg i fartøyvernet, dei nye norske eigarane sytte for skipstransport og ny sjøsetjing i Bergen. Herfrå slepte dei Arnafjord inn til Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund. Støtta frå lokalsamfunnet i Vik kom umiddelbart. Men det gjekk fleire år før det losna med midlar nok til å setje i gang den omfattande istandsetjinga av skroget.

Omfattande istandsetting

Frå første stund var det klart at det ville koste mykje pengar å setje Arnafjord i stand. Likevel rekna vi dette som eit særs godt verneprosjekt. Grunnen til det er som nemnd at fartøyet er nesten heilt komplett når det gjeld innreiing og utstyr. Derfor er det eit sjeldan godt utgangspunkt for istandsetting og vern. Om det vert mykje nytt treverk i skroget er innreiing og utstyr så bra at det kan bli pussa opp og setjast tilbake.

Enkelte spør om dette nå vert ein kopi av Arnafjord, når svært mykje av skrog og dekk vert skifta ut. Når ein skifter ut så mykje gamle materialar på ein gong er tanken nærliggande. Men etter mitt skjønn er ikkje eit istandsett fartøy ein kopi. For kvar er i så fall det kopierte fartøyet? Utskifting av slitte deler og komponentar er ein naturleg del av eit fartøy sitt liv. Når eit fartøy lever vidare som eit kulturminne, tyder det at ”livet” held fram i nye samanhengar, frå kommersielle til kulturelle. Han som ser istandsetjingsprosessen, har likevel lett for å oppfatte dette som dramatisk når utskiftinga skjer over eit kort tidsspenn.

Arnafjord vil no leve vidare som eit kulturminne. Det tyder at båten framleis vil vere ein del av samfunnet, av kystkulturen, som formidlar av historie. Båten ligg ikkje konservert i eit magasin, men i sjøen der rust og rote fører til at ein er nøydd til å drive eit kontinuerleg vedlikehalds- og fornyingsarbeid. Frå ein kulturvernfagleg ståstad er det no ei utfordring å flytte mest mogleg av informasjonen som kan lesast ut av dei gamle delane (kjeldeverdien) over i arkivform etter kvart som eit byter ut gamle deler.

ms-arnafjord-sjosetjing-21-11-10
M/S Arnafjord er no sikra med tanke på vern og istandsetting. Målet er å ta vare på Arnafjord som ein original agentbåt frå 1937–1940. Dette er mogleg sidan båten ikkje er ombygd, og er svært komplett. Snikkaren som bygde mykje av innreiinga heitte Georg Nese, og sonen hans Magnar er med i stiftinga som no eig båten. Ein del av innreiing og utstyr vart kjøpt på eit skipsopphoggeri i Stavanger og tilpassa i båten. Arnafjord går gjennom ei omfattande istandsetjing ved Hardanger Fartøyvernsenter. 21. november 2010 vart båten sjøsett, sjølv om det framleis står mykje att. Om lag 150 tilskodarar såg båten kome tilbake i sitt rette element, etter vel eitt år på slippen. No skal maskin og tankar på plass, styrehus og innreiing kjem vonleg etter kvart. Foto: Bjørn Lingener, Hardanger Fartøyvernsenter.

Historia lever vidare

Arnafjord si historie lever vidare, i sentrum står båten og dei folka som har relasjonar til han. Mannskapet på Arnafjord var to mann, i tillegg til agenten. Sigvart Røyrvik er maskinist i Fjord1 Fylkesbaatane og med i styret for Stiftinga som eig Arnafjord. Far hans var kokk og maskinist i dei tidlege åra då Arnafjord gjekk i agentfart. Sigvart er no leiar for ”motorgjengen” som tek ansvar for å setje i stand motor og propellanlegg. I desse dagar er dei i gang med å finne ut kor dei kan støype nye sylindrar og ny lydpotte.

Jon Nese er barnebarn av Markus Nese. Han har teke til å forske på historia til Arnafjord, og har danna seg eit bilde av historia i grove trekk. I åra før andre verdskrigen var det stort sett Norske Shell som leigde Arnafjord i agentfart på kysten mellom Bergen og Trondheim. Under krigen var det okkupasjonsmakta som hadde båten på Herdla og i Bergen. Etter krigen vart Arnafjord sett i agentfart igjen. No var det Storbrand (forsikring), Langaard (tobakk), Wallendahl (jernvarer), W. Giertsen (skipsutstyr) med fleire som leigde agentbåten. Eitt år hadde Arnafjord 54 virkedagar for Arbeidstilsynet. Eit anna år har Jon Nese rekna ut at Arnafjord hadde om lag 200 virkedagar i løpet av året. På 1960-talet gjekk Arnafjord som tilsynsbåt for Fiskeridirektoratet.

Erling Sjømark er gift med eit anna barnebarn av Markus Nese, Liv. Erling og Liv har vore engasjert i fartøyvern i mange år. På 1970-talet var Erling med og registrerte gamle frakteskuter langs kysten på oppdrag frå Norsk Sjøfartsmuseum. Då jekta Pauline vart sett i stand, var han med på det prosjektet, og no eig dei sjølve eit gammalt trefartøy.

Dette er berre eit utval av dei som er engasjert i prosjektet, og no førebur stiftinga seg til å få båten heim. Med agentbåten Arnafjord  skal nye generasjonar i Vik knyte relasjonar til historia, og vonleg vil dei føre båtarven vidare.

Kjelder

Otterskred, Harald. Båtsoga frå Arnafjord. Pridlao nr. 1 1989.

Hjertåker, Olav. Handelsreisande og båtane deira. avisa Sunnhordland 26.09.01

Austgulen, Ingolf. Div. tekstar i kopi frå forfattaren.

Nese, Jon, personlege opplysningar

Røyrvik, Sigvart, personlege opplysningar

Sjømark, Erling, personlege opplysningar