av Håvard Gjerde, båtbyggjar ved Hardanger Fartøyvernsenter
2.-4. November 2016 arrangerte Hardanger Fartøyvernsenter sitt 7. maritime verktøyseminar i rekkja. Temaet denne gongen var maritime slagverktøy. I tillegg til den teoretiske overbygninga, var produksjon, tilpassing og utprøving av ulike slagverktøy eit hovudfokus. Arne Bakke Mæhlen og Trond Oalann var instruktørar i høvesvis tredreiing og skjefting. Frå arrangørsida hadde leiar for småbatverkstaden, Peter Helland Hansen, fokus på reiskapar og teknikkar i klinkbyggjing, medan underteikna hadde fokus på slagverktøy i kravellbygging. Eg hadde særleg fokus på drevklubba, eit verktøyet som og vert hovudtema for denne artikkelen. Men aller først litt om den mindre kjente storebroren, nagleslaget.
Nokre av dei handfaste og hardslåande produkta av Maritimt verktøyseminar 2016. Dei to uskjefta klubbehovuda lengst til høgre er nagleslag, eller klamei-klubber.
Nagleslag eller sleggje?
Alle som har brukt fleire arbeidsdagar på å slå inn trenaglar i eit kravellfartøy vert tvungne til å jobbe med arbeidsteknikken sin for ikkje å slite seg ut. Fasit er å la skaftet henge i eit laust grep, stole på at ein treff og å la reiskapen jobbe sjølv, som ein pendel. Men dette er sjølvsagt enklare sagt enn gjort, t.d. når ein står under båten og skal slå skrått opp eller på eit smalt stillas og rekkverket er i vegen.
Uansett, før eller sidan må kroppen tilpasse seg reiskapen, og teknikken vert meir og meir finslepen. Ein harmoni oppstår mellom arbeidar og reiskap, ja, dei går opp i ei høgare eining, so og seie. Men so skjer det, utan førevarsel: Naglen knekk rett før han er inne, eller du kløyver ut ei flis, som gjer at han må ut att. Banning og grining. Det skjer og det skjer igjen. Men skjer det for ofte? Er naglekvaliteten som er problemet. Eller er det arbeidaren? Eller kan det vere reiskapen?
Sjølv har eg alltid endt opp med sleggje når eg har vore med på meir omfattande naglejobbar, men ikkje utan å vere innom dei ulike nagleslaga som har vore å oppdrive. Desse har vore utslitne i bana og lause i fisken, og neppe optimale. Derfor vart det laga to nye to-hands treklubber under verktøyseminaret, slik at reiskapen skulle komme til sin rett. Det vart laga eit klassisk nagleslag, av den typen som mellom anna var å finne på verft i Hardanger. Desse har ei bane (slagflate) på om lag 4 tommar, jarnringar og minner om ei «sirkusklubbe». (Arisholm m.fl 2008, s. 187) I tillegg vart det laga ei klubbe men med lenger hovud og mindre bane men med like langt skaft. Denne var basert på engelske og amerikanske skildringar av båtbyggjarverktøy.
Sjølv om dei hadde nagleslag, foretrakk også dei fleste båtbyggjarane ved Vevik Båtbyggeri (Kvinnherad, Hardanger) slegge når dei skulle slå i naglar (Hesthammer 1998, s.58). Det vart lettare å treffe naglen med den store bana til nagleslaget, men samstundes lettare å treffe skeivt, slik at naglen vart øydelagt. Dette er mykje godt den same erfaringa som underteikna har gjort seg. I tillegg kjem det at tyngda til sleggja gjer at ein treng færre slag for å drive inn naglen, noko som jo minskar sjansen for eit sleivslag. Likevel, når slaget treff reint, toler naglen betre å bli slått av eit trehovud enn eit jarnhovud.
Utprøving av nagleslag under verktøyseminar
Under seminaret vart det ikkje nok tid til grundig og systematisk utprøving av dei to klubbetypene opp mot sleggje, så noko endeleg konklusjon kjem ikkje her. Men inntrykket var at den engelsk/amerikansk inspirerte klubba, med ei bane på 2 1\2 tommar, var betre enn den tjukkare «sirkusklubba» når ein skal slå inn trenaglar. Dette kan henge saman med at den lange hovudet både gjev klubba betre retningsstabilitet og betre effekt, i den forstand at meir av massen finns bak punktet der krafta vert overført frå hovud til nagle. 2 ½- toms-klubba (long headed beetle) var eigentleg ikkje tenkt til nagleslag men til å slå på klameien (horsing iron) i samband med driving, noko eg kjem inn på mot slutten av artikkelen.
Drevklubba
Drevklubba (eller klapphammaren, drivhammaren, kalfatrekølle osb.) er blant dei mest særeigne og spesialiserte båtbyggjarverktøya. Å gå inn i ein meir enn 700 år gamal europeisk båtbyggjartradisjon (kravellteknikken) med drevklubba som innfallsport og stryet som ledetråd kunne ha vorte eit omfangsrikt og interessant studie, men denne artikkelen tek ikkje mål av seg til å vere anna enn tilfeldige fotnotar til ei tenkt avhandling.
Drevklubba som inngansport: Drivjarn og drevklubbe over portal frå 1602 ( ved landsbyen Saint Simon ved elva Charente i Frankrike).
Den europeiske kravellteknikken utvikla seg ved middelhavet på 1300-talet og spreidde seg til resten av europa på 1400- og 1500-talet. Det å drive stry mellom plankane i hud og dekk var ein nødvendig og omfattande del av denne byggemåten. Og videre etterfylling og rabatting av nata var kanskje det viktigaste vedlikehaldsarbeidet på eit kravellfartøy. At drivinga vart utført så godt og raskt som mogleg, og det utan at drivaren vart øydelagt i handleddet, må ha vore særleg avgjerande den gongen produksjonen var stor og arbeidsdagane lange.
For å gje eit bilete på kva drevklubba (og handleddet til drivaren) må gjennomgå, har Morten Hesthammer telt kor mange slag han treng på å sette og rabatte ein meter med dekksnat. Han kom til 112 slag. På dekket til eit relativt lite fartøy som Storeggen (bankskøyta) vert dette 134 400 slag på ein tråd. Men det skal vere to trådar, og på større fartøy er tre eller fleire trådar. I tillegg kjem skroget. På større fartøy vert det raskt over million slag av treverk mot drivjarn.
Me veit at det frå kravellbyggjinga si stordomstid i Europa og heilt fram til førre århundreskifting var vanleg med eigne spesialiserte drive-lag ved skipsverfta. Me hadde og spesialiserte drivarar her i landet, og jobbane kunne settast på akkord. Eit so omfattande og viktig, men samstundes einsformig og repitativt, arbeid som driving og kalfatring, må ha ført til mykje utprøving og finjustering av reiskapen. Det må ha vore mange og bestemte meiningar om den ultimate drevklubba, og den som meinte han hadde ei slik tok nok godt vare på ho.
Legg aldri frå deg ein god klapphammar.
Treverket som hovudet er laga av må ha fleire eigenskapar, men styrke og haldbarheit i endeveden er mest avgjerande. Mangel på tyngde kan t.d. kompenserast med massen på jarnringane. Mange treslag har vore i bruk: Hos britane ser pokkenholt (lignum vitae), live oak (quercus virens) partridge wood (andira inermis) til å ha vore føretrukne treslag, men ein kunne eventuelt bruke bøk. (Frost 1985, s49; Salaman 1975, s.116). Hos amerikanarane var i tillegg mesquite (prosopis glandulosa) populært (Adkins 1980). Ellers veit me at det er brukt «hestekjøtt» (balata rouge) og bullet wood (manilkara bidentata). I mangel på edelt utanlandskk virke har ein i Noreg også brukt eik og frukttre. I dag er dei føretrukne treslaga ikkje handelsvare, og azobe (lophira alata) er ei vanleg erstatning. Morten Hesthammer seier han har slite ut tre slike klubber hittil, medan klubba som eg har arva etter bestefaren min, og som truleg er av «hestekjøtt», kanskje har blitt fem millimeter kortare på dei 15 åra eg har brukt ho.
Den svenske ensyklopedisten Åke Rålamb sine illustrasjonar av vanlege skipsbyggjarverkty frå 1691. Hammaren med bøygd hovud, vert omtalt som ein svensk «dref hammar»
Forma på hovudet varierar. Dei to vanlegaste formene er banaforma og rett. Dei rette hovuda er som oftast dreia. Det Bananforma hovudet føl på ein måte sirkelslaget som vert danna når klubba er i bruk. Dette inneber, sovidt underteikna kan forstå, at meir av tyngda i hovudet vert overført til drivjarnet, men mykje kan det ikkje utgjere. Uansett er det eit faktum at dei eldste funna som me kjenner til samt ein heil del tidlege illustrasjonar, tyder på at dette var den vanlege forma på dei første drevklubbene. Eit, litt bøygd hovud har og vore vanleg på meir ordinære trearbeids-klubber.
Det ser ut til at engelskmennene tidleg har gått over til rette hovud, medan andre har komme etter. Berre i Nederland ser banan-hovud ut til å ha vore vanleg fram mot våre dagar. Som ein kuriositet kan nemnast at fleire foto og illustrasjonar av italienske drevklubber viser at ein her har brukt bananforma hovud som bøyer seg motsatt veg.
Til venstre drevklubbe frå Vasaskipet og dermed eldre enn 1628. Til høgre drevklubbe frå det engelske skipet Mary Rose og dermed eldre enn 1545.
Lengda på hovudet er og varierande. Ein tendens ser ut til å vere at amerikanarane føretrekk lange hovud (opp til 16 tommar iflg. New Bedford Whaling Museum sin blog) og relativt korte skaft samanlikna med europearane. I følge Dictionary of Woodworking Tools er 13 tommar den vanlege lengda, medan diameteren på bana er på 1og3/4 tommar pluss jarnring. Mine oppmålingar av norske drevklubber viser at klubbene her sjeldan har vore lenger enn 11 tommar, jamnvel før bruken gradvis har gjort dei kortare. Dei er derimot noko tjukkare i hovudet enn sine engelske og amerikanske slektningar.
Til venstre: Typisk norsk, basert på oppmålingar av om lag 30 klubber. Til høgre: Ekstremt amerikansk, med langt hovud og kort skaft.
Jarnringane ved bana har først og fremst til oppgåve å hindre veden i å kløyve seg eller flise opp. Samstundes er det med på å gje hovudet den rette vekta. I tilleg vil eg tru at ekstra tyngde mot endane er med på å gje retningsstabilitet. I boka «From Tree to Sea» om treskipbyggjing ved Lowestoft (England), fortel Ted Frost at desse ringane helst skulle vere koniske på den måten at godset er tjukkare ute mot slagbana enn inne mot skaftet (Frost 1985, s.49). Det same er skildra i Dictionary of Woodworking Tools (Salaman 1975, s116) Noko forklaring på kvifor står ikkje i nokon av desse kjeldene, men mange av dei gamle drevklubbene me har samla inn i Hardangerområdet har også koniske ringar, og det er i regelen ikkje fordi ringane har deformert seg ved bruk.
Testing av ny redskap og gamal teknikk på verktøyseminaret
Slisse: Eit særtrekk som ikkje er so vanleg på norske drevklubber, er slissene som kløyver hovudet i skafteretninga. Sjølv om dei ikkje går heilt ut til bana eller heilt inn til skaftet, krev dei forsterkingar for at hovudet ikkje skal kløyvast. Dette kan vere eit ekstra sett med ringar inne ved skaftet eller klinka boltar på tvers av slissen. På mange klubber er også slissen opna ytterlegare med eitt eller fleire hol, men som kanskje berre er der for å komme til med saga. Det er to teoriar om kvifor ein har gjort seg all umaken med slissene: Den eine er at dei er der for å dempe rekylen og dermed spare handleddet til drivaren. Den andre teorien er at dei er der for å gje ein mindre ubehagelig lyd: Når eit drivelag på ti mann skulle rabatte eit dekk eller eit skuteside før hørselsvernet si tid, kunne lyden nemlig bli uuthaldeleg. Slissene, eller fløytene, som danskane kallar dei, gjorde at lyden vart meir syngande, dempa og behageleg. (Frost 1985, s49; Salaman 1975, s.116) Det eldste dømet eg har funne på slissene er Rålamb sine illustrasjonar frå 1691.
Typisk amerikanar
Typisk hollender
Typisk engelskmann
Skaftet må me heller ikkje gløyme. Treslaget har neppe vore so viktig, berre det er seigt nok. Ask har truleg vore mykje brukt i Noreg. Ted Frost skriv at det gjerne var av hickory, kanskje for at det skulle stå i stil med pokkenholt-hovudet? Det som er mer avgjerande er lengda og tverrsnittet. Sjølv forstår eg ikkje korleis folk vil bruke runde skaft på noko slags slagverktøy, og alldeles ikkje på drivklubba. Med eit ovalt tverrsnitt er det lett å ha styring på klubba utan å klype hard om skaftet. Like fullt ser det ut til at omlag halvparten er runde og halvparten ovale, både her til lands og ute i verda. Skafelengda er og varierande: Engelskmennene har ofte lange og amerikanarane korte. På dei norske klubbene eg målte opp var nesten alle skafta mellom 12 og 13 tommar (målt frå hovudet).
Klamei-kølle. Som nevnt innleingsvis laga me ei to-handsklubbe, som fungerte godt til å slå inn trenaglar med. Måla var basert på fotografi og ikkje målsatte illustrasjonar av engelske og amerikanske klubber, som gjerne vert kalla long headed beetle (Salaman 1975, s.262) eller heavy maul (Estep 1918, s.79), og som vart brukt til å slå på klameien med. Klameien (horsing iron) er eit stort rabattjarn med skaft, som vert halde av ein person, medan ein annan deljar til med slegge (eller klubbe). På nybygg i Hardanger har klameinen gjerne vore brukt ved rabbattering av siste tråd på støtnata i huda (Hesthammer 1998) og iblant langs kjølnatet. Ved Lowestoft brukte dei også klamei i kjølnatet. Ellers vert klameien brukt til vedlikehalds-rabatting, når drevet er vått og vanskeleg å få inn.
På større skip med tjukke plankar og fleire trådar, har ein til slutt gått over heile dekket og skroget med klamei (Salaman 1975, s. 118). I følge Cole Estep har dette og vore gjort i motsatt rekkefølgd: altså at ein går over nata med vanlig einmannsutstyr etter at klameien har sagt sitt. (Estep 1918, s 81)
Grunnen til at me ikkje kjenner til dei forstørra drevklubbene frå norske verft kan vere at klameien ikkje vart so mykje brukt her at behovet meldte seg. Ei slegge kunne gjere jobben. Men når ein skulle gå over heile skroget og heile dekket på dei riktig store trefartøya, kunne det nok svare seg med spesialkubber, både for hørselen og skuldrane sin del. Me har enno ikkje fått testa klameiklubba vår til dette føremålet.
Til venstre: Driving av dekk med klubbe og klamei på eit større amerikansk skip tidleg på 1900-talet, samt driving frå stol. Til høgre: Long headed beetle og horsing iron frå england.
Drivestol: I arbeidet med å leite opp skildringar og bilete av drive-verktøy, har eg komme over fleire døme på at amerikanarane og engelskmennene gjerne har site på ein stol når dei har drive dekk. Denne stolen fungerte gjerne både som stol og verktøykasse for driveutstyret, som i tillegg til drivjarn og klubbe før i tida også bestod av ein tjøre-boks, som ein drog stryet gjennom før driving. Kvifor ein har føretrukke å ha baken over dekksnivå, veit eg ikkje. Arbeidstillinga til mannen som driv på fotografiet ovanfor, ser i alle fall ikkje optimal ut.
Eg har ingen kjelder på at ein har brukt slike stolar i Noreg utanom far min, som seier at dei var vanleg på verfta Tomrefjorden (Vestnes, Møre og Romsdal) når han vaks opp. Det var ei trekasse med eit faststifta striesete på toppen, og denne var sopass slakk at baken på drivaren ikkje hang for langt over dekk når han heldt på. Kassa fungerte og som verktøykasse for det personlege driveverktøyet.
Dømer på gamal og ny drivestol frå Amerika
Som nevnt i innleiinga, har eg ikkje gått særleg djupt inn i temaet for denne artikkelen, og korrigeringar og motstridande opplysingar er velkomne. Det hadde og vore artig om nokon visste meir om nagleslag, klamei-klubber, drivestolar eller andre ting som eg har vore innom. I so fall, skriv til: haavard.gjerde@fartoyvern.no
Kjelder:
Salaman 1975 Diktionary of Woodworking Tools, nyopptrykk Unwin Hyman Ltd 1989
Arisholm, Hesthammer, Kristiansen, Rasmussen 2008: Kravellbygging I Norge
Hesthammer 1998: Vevik, Nerhus, Ottesen: Fartøybygging i Hardanger og Sunnhordaland
Frost, Ted 1985: From Tree to Sea, Terence Dalton Ltd
Adkins, Jan 1980 Et skib af træ, dansk udgåve av Carlsen if.
Estep H. Cole 1918 How Wooden Ships Are Built, W.W. Norton & Company
New Bedford Whaling Museum Blog: (Ship Caulkers and their Tools)