Av de mange engelske kuttere som ble kjøpt fra England for drøyt hundre år siden lever to fremdeles i vår etter hvert store flåte av vernede skip. Det er tidligere “Ekstrand” som har fått igjen sitt originale navn “Boy Leslie” og sitt originale utseende, mens “Fremad II” som vi kan lese om her, har både norsk navn og norsk utseende.
Artikkel fra Dampskibsposten nr 109 / 2/2017
Tekst: Svein Ramsland, leiar i Venneforeninga, Foto: Venneforeininga til Fremad II
Sluppen, kuttaren og aller mest «fiskebåten» «Fremad II» har i fleire samanhangar dei siste åra blitt kalla Norges eldste fiskefartøy, i alle høve av dei fartøya som har vore i aktivt fiske. Ei slik karakteristikk held vel ikkje heilt objektive mål, men at båten har vore blant dei eldste, er sikkert.Dessutan har båten ofte fått mykje vellåt for vakre linjer og godt stell, – ja fleire meiner at «Fremad II» var Norges vakraste fiskefartøy. Stort meir subjektiv kan ein vel ikkje vera, men slikt syner at mange har svært sterke og djupe kjensler til nett dette fartøyet.Båten si historie startar i 1888, så langt aust det er muleg å komma i England: I ham¬ne¬byen Lowestoft som den gong var ei travel fiskarhamn, men òg hadde fleire verft, blei kjølen strekt – ein kjøl som det kanskje ennnå finst restar av i dagens «Fremad II». Det var familiereiarlaget John Breach i Lowestoft som ville auka flåten sin med ennå ein «dandy drifter» , kravellbygd to-mastra galeas med rund hekk og rett stamn, med måla 57.3ft x 16.4ft x 7.3ft. (17.46m x 5.00m x 2.22m). 430 pund kosta fartøyet som skulle på pelagisk drivgarnsfiske i Nordsjøen.Namnet blei «Boy Jack» etter ein av familiemedlemmane. Året 1900 blei båten selt in¬ternt i familien til Georg Breach for 270 pund. Han hadde «Boy Jack» i fem år, men i 1905 blei det sal til Norge og Haugesund og båten fekk namnet «Fremad».
Fremad II til kai i Vågen i Jørpeland i Ryfylke 2014, klar for slep til Hardanger fartøyvernsenter.
Oppkjøparar frå Norge av eldre engelske seglfartøy var det fleire av i denne tida då engelsk-mennene gjekk over til damp, og John M. Hauge kjøpte «Boy Jack» til Haugesund for så å selja vidare same året.I perioden 1905 til 1920 fekk båten heimehamn på Feøy vest for Karmøy, tidlegare Torva¬stad kommune. I Fiskeregisteret frå 1920 finn me SK «Fremad» med kjenne¬teikna R-91-T, nytta til hav- og kystfiske. Andre kjelder kan tyda på at båten også blei nytta til frakt av hummar til Bjelland i Stavanger. Eigar var familie- og partreiarlaget Føyen Bendiksen, og framleis var fartøyet utan maskin. Så går turen nordover Vestlandet, til Sogn. Ein gong mellom 1923 og 1926, truleg i 23/24 , blir fartøyet endeleg MK «Fremad II» i det Truls Pollen med fleire på Hardbakke i Solund kjøper båten som nå er merka SF-94-SU. Dei set straks inn maskin, ein 32 HK Grei semidiesel, og nytta båten både til frakt, fiske og lossement under landnotfisket. Mange har undra seg over at båten blei «den andre Fremad» då han kom til Solund. Ein grunn kan vera at galeasen «Fremad», bygd av den kjende båtbyggaren og konstruktøren Johannes Selsvik i 1898, var godt kjend i Sogn som den vidgjetne skarpseilar båten var, og at difor Fremaden frå Feøy måtte finna seg i å bli «andremann».Men fart blei det på «Fremad II» i 1938 då eigarane sette inn ein splitter ny 40HK Wichmann. Nå blei også «toaren» skarpseglar med fart opp til 9 knop på glatt hav, det var heller uvanleg for eit fiskefartøy på den tida.
Fiske i Høgsfjorden i Ryfylke 2003. 60 tonn brisling, samla frå fleire steng, har gått seg rein i løpet av nokre dager og lastas over i “Ligrunn”.
I april 1940 blei «Fremad II» rekvirert av tyskarane i det dei var på seilas til Vaksdal for å lasta inn mjøl. Med tyskarane om bord blei det seinare opna eld mot båten frå norske styrkar, og fleire av okkupantane fall , men også ein nordmann frå mannskapet. I oktober 1941 gjekk «Fremad II» til Shetland med 10 ungdommar om bord. Der blei båten verande til over krigen, truleg blei han nytta i alliert teneste. Maskinen blei teken ut, og det blei montert ein fleirsylindra bensinmotor i staden og båten blei på ny rigga som seglfartøy. Bensinmotoren eller «leiketymotoren» som han blei kalla på Solund, blei straks skifta ut med ein 50HK Wichmann, då båten kom heim etter krigen. Fram til slutten av 50-talet blei det meir frakt, men òg årleg vintersildfiske og størjefiske.I 1959 førte Solundeigarane «Fremad II» til Løfallstrand i Hardanger for storstilt ombyg¬ging. Truleg er dette årsaka til at fartøyet fekk ein ny vår og evne til å hevda seg godt i aktivt fiske halve hundreåret framover til 2007. Her blei det meste skifta ut: Delar av kjølen, spant, heile hekken, stilk og stamn. Innreiing blei fornya over det heile, og motorkrafta blei kraftig auka då ein 2-sylinders Brunvoll på 160 HK blei innsett. «Fremad II» var klar for ennå mange års teneste. Tidleg på 60-talet blei «Fremad II» igjen Rogalandsbåt. Brødrene Godtfred og Edvin Bakkevik i Tysvær var dei nye eigarane, og dei nytta båten til fjord- og kystfiske og ikkje minst til størjefiske.Frå 1978 har «Fremad II» hatt Jørpeland i Ryfylke som heimehamn. Ivar og Thor-Stein Løvås kjøpte båten som i dei neste tre tiåra fekk ein aktiv og etter kvart godt kjent posisjon i norsk kystfiske. «Fremad II» R-90-ST var å sjå frå Lofoten i nord til Oslofjor¬den i sør, og dreiv ringnotsfiske etter sild, brisling, sei og makrell. Nokre sesonger blei det også reketråling i Nordsjøen.Båten blei godt teken vare på. I 1985 blei det sett inn ein Scania 343HK maskin og elles hadde ein det meste av moderne utstyr om bord på «Fremaden»I 2007 blei «Fremad II» selt med kvotar til Liegruppen i Austevoll, men seinare kjøpt til¬bake til Jørpeland for ein symbolsk sum. Nye eigarar var Stiftelsen «Fremad II». Ei venne¬foreining blei stifta og har sidan drive vedlikehald og nytta båten til ymse oppdrag. Dessutan har ein arbeidd for å få offentlege instansar med på å verna fartøyet. I 2008 fekk «Fremad II» vernestatus av Riksantikvaren, og midtsommars 2014 gjekk ferda til Hardanger fartøyvernsenter for rehabilitering.
Sambygdinger på vårsildfiske i Brandasund, nord på Bømlo, antagelig 2000. Av fiskerinummeret kan vi se at de kommer fra Strand kommune i Rogaland.
Først i april 2016 kom båten på slipp etter at rigg, styrehus, maskin og dekks¬installasjonar vart sette på land. Det viste seg fort at rehabiliteringa ville bli mykje meir omfattande enn kva ein førebels synfaringsrapport frå 2008 rekna med, og ein kan nok med rette tala om ei gjenoppbygging av fartøyet heller enn ei restaurering. Nokre få av dei originale spanta frå England er bevarte, medan over 90 % er skifta ut etter antikvariske retningsliner. Heile kjølen er intakt, medan hud og dekks¬plank blir heilt fornya. Det skal byggast ein replika av styrehuset/egnhuset, eventuelt med nokre framleis brukbare delar av originalen. Så langt er kostnads¬overslaget for prosjektet frå Fartøyvernsenteret på nærare 25 millionar koner utan moms på alle måtar ei verkeleg storsatsing i norsk fartøyvern.Stiftelsen Fremad II som eig båten, og Venneforeininga har møtt stor velvilje både frå Riksantikvaren, Rogaland Fylke og Ryfylkefondet med omsyn til finansiering av eit unikt fiskerihistorisk prosjekt. I fleire år har båten vore ein av «vinnarane» når Riksantikvaren har fordelt tilskot til fartøyvern – i 2017 fekk foreininga heile 5 millionar kroner. Så dersom alt går etter planane, vil «Fremad II» våren 2020 stå fram frå fartøyvernsenteret i Norheimsund gjenoppbygd og opprusta til å ta fatt på ein ny epoke, nett slik som det skjedde på Løfallstrand litt lenger ute i Hardangerfjorden for snart 60 år sidan. Går det slik Venneforeininga til «Fremad II» ønskjer, så skal fartøyet også for framtida ha tampen festa til fiske og norsk kystkultur.