av Geir Madsen
«Det er i motvind ein lærer å segla» (uttalt av Kristian Djupevåg)
Hardanger maritime leirskule blir driven av Kvam herad og Hardanger og Voss museum og er så langt eg veit den einaste seglande leirskulen i landet. Om bord på den 22 m lange hardangerjakta Mathilde har tusenvis av leirskuleborn fått ny innsikt og sjølvforståing.
Hardangerjakta Mathilde blei bygd på Ølve i Kvinnherad i 1884 som seglande lastefartøy. Opp gjennom åra blei ho tilpassa utviklinga med nedrigging, endra dekksarrangement og fleire motorinstallasjonar. Etter 100 år blei ho gitt opp, men heldigvis var ikkje det originale skroget særleg endra. Mathilde var difor registrert som eit historisk interessant fartøy hjå Norsk kulturråd.
Hardangerjakt Mathilde for anker i Jondal for meir enn 100 år sidan (foto UiB)
Gjennom eit kommunalt sysselsettingsprosjekt i Kvam klarte nokre eldskjeler, med Torbjørn Kaarbø og Kristian Djupevåg i spissen, å organisere kjøp av Mathilde i 1984. Same året blei Stiftinga Hardangerjakt av 1984 * stifta med mål om å restaurere og drifte fartøyet som eit regionalt sysselsettings- og kulturprosjekt. Etter fem år og 50 000 arbeidstimar var Mathilde tilbakeført som seglande hardangerjakt. Restaureringsprosjektet gav åtgaum og tiltrekte seg folk med interesse for båtbygging, kystkultur og segling. Cecilie Holm og Ben Brynhildsen var blant desse, og mønstra på som skipper og bestmann. Dei hadde erfaring frå både skuleskip og ungdomsarbeid på fartøy på austlandet og innarbeidde driftsopplegget for Mathilde.
Mathilde som fraktebåten “kari Louise” til kai under andre verdskrig, truleg i Kristiansund (fotograf ukjent)
På Kvamskogen dreiv Lasse Skeie Jonshøgdi leirskule og var tilsett som leirskulelærar av Kvam herad. Her var det friluftsliv i fjellet som gjaldt. Vinteren gav mange moglegheiter med ski og snøaktivitetar, men i vår- og haustsesongen var det mindre å spele på. Det blei innleia eit samarbeid mellom Stiftinga hardangerjakt, Jonshøgdi leirskule og Kvam herad om å bruke Mathilde som leirskule til saman 12 veker vår og haust. Da Lasse Skeie i si tid tok vidareutdanning innanfor idrett og friluftsliv, hadde han eit opphald hjå Atle Tellnes på Smedholmen i Fitjar. Dette gav han noko av inspirasjonen til drifta av den maritime leirskulen på Mathilde.
Mathilde under segl i Lyngør (foto HFS arkiv)
Det var ikkje berre enkelt å få naudsynte sertifikat frå Sjøfartsdirektoratet, men frå 1990 var skulen med plass til 30 elevar i gang. Då Jonshøgdi leirskule blei nedlagt i 1994, etablerte me Hardanger Maritime leirskule i samarbeid med Kvam herad, som tilsette leirskulelærar i 50 % stilling. Skippar og bestmann er heilårstilsette, medan matros og den viktige kokkejobben er avgrensa til sommarhalvåret. I tillegg har me prøvd fleire modellar for ei opplæringsstilling som inngår i mannskapskabalen. Dei seinare åra har denne stillinga vore ein volontør innanfor eit EU-finansiert utvekslingsprogram for ungdom.
“Alle mann alle” heising av storsegl krev mange små hender (foto HFS arkiv)
Mathilde har eit voluminøst skrog med breidde på 6,5 meter og ståhøgde under dekksbjelkane. Dette gir moglegheit for å skape gode og tørre fasilitetar under dekk med ein heilt spesiell atmosfære. Lasterommet (banjeren) fungerer som klasserom, matsal og sovesal med hengekøyer. Der er det benkar langs skutesidene, to solide langbord og skipskister som fungerer som både sittebenk og personleg lagerplass. I akterkant er det eit pantry (kaldkjøkken) og to toalett. Mannskapet søv i lugarar forut og skipperen akterut. Matlaging blir gjort i byssa, som er på dekk. Dette høyrest kanskje trongt og kummerleg ut, men fungerer godt i praksis.
Lasterommet er gjort om til klasserom med langbord og sovesal med hengekøyer (Foto HFS arkiv)
Som ein viktig del av kulturformidlinga rundt Mathilde og jaktefarten frå Hardanger produserte etnolog og filmskapar Randi Storaas biletspelet «Nordlandsfarten». Med gamle og nye foto formidlar ho historia om jaktefarten gjennom Torstein Storaas si førstereis til Lofoten med seglfarty. På banjeren er det montert projektor og stort lerret, slik at biletspelet kan visast om bord og sette elevane inn i historia på ein fengande måte. Det blei også laga eit hefte over temaet med tittelen «Lykkens prøve», som leirskuleelevane kan bruke for å førebu toktet. Seinare har Storaas laga fleire filmproduksjonar for fartøyvernsenteret med kystkulturen som tema, også desse kan visast om bord.
Mathilde ved Flåvær (foto HFS arkiv)
På ei skute i drift handlar det meste om organisering, oppgåvedeling og ansvar for seg sjølv og andre. Alle blir naturleg involvert og må ta ansvar, også for å få det sosiale livet til å fungere godt. Det første som blir gjort ved start av ei leirskuleveke, er drilling på tryggleik. Gjennom 28 års drift har det ikkje vore alvorlege ulykker på Mathilde! Etter tryggleiksøvinga blir klassane delt i fire arbeidslag: dekksvakt (navigering og vakt), matgruppe, reingjeringsgruppe og fiskegruppe (garnfiske). Når gruppene er etablert og sett i funksjon, er skuta operativ og fungerer som eit samfunn i rørsle mot nye mål og felles opplevingar.
Livet mellom stein og tang er eit studie vert. (foto HFS arkiv)
Mathilde har Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund som base, og tokta som varer frå måndag til fredag, går som regel ut fjorden til det meir opne øylandskapet i Sunnhordaland. Geografien og naturen i området gir leirskulen eit hav av moglegheiter. Vær og vind, før som no, er avgjerande for val av rute, kor langt ein kjem og val av hamn. Dette gjer at ingen tokt er like, og elevane opplever at naturkreftene må takast på høgste alvor.
Når været er godt kan Mathilde ligge i naturhamn (foto HFS arkiv)
Sjølve skuta og livet om bord gir dei beste ramar for formidling av maritim kulturarv. Farvatnet og dei forskjellige hamnene er kjelder til kunnskap om geografi og kystkultur før og no. I løpet av veka blir det undervist i tema som segling og båtkunnskap, navigering, knutar, livet i fjøra, fiske med garn og snøre, sjøvett og sikkerheit på sjøen.
Opp gjennom åra har det vore mange dyktige mannskap og leirskulelærerar om bord på Mathilde. Atle Tellnes bidrog med sin allsidige kunnskap i perioden i 1996–97, da som bestmann. Audun Apelseth er den som har lengst fartstid på Mathilde, først som bestmann og frå 1998 som skipper. Mannskapet har tilført idear og utvikla opplegget, men det grunnleggande konseptet er som frå starten. Det kan til tider vera intenst for mannskapet med opp til 30 elevar som skal følgjast opp, men kombinasjonen med landligge og segling gjer at alle kan få eit pusterom. Mathilde er i vinteropplag tre månadar kvar vinter, og mannskapet kan ta meir fri.
For denne glade gjengen var kanskje det første møtet med Mathilde eit leirskuletokt, (foto HFS arkiv) .
Frå min tilhaldsstad på landbasen ved fartøyvernsenteret har eg no gjennom 28 år observert skuleklassar komme og dra. Før påmønstring viser skuleborna stor energi og forventning til det komande toktet. Dei færraste har kunnskap og erfaring frå skutesegling over fleire døger. Alle byrjar med blanke ark, og Mathilde gir raust alle moglegheit til å bidra til seglasen og gjeremåla om bord. Ved retur, ferdig fortøydd og ved klart skip, er det samling på fordekket for oppsummering og avmønstring. Da er det rørande scenar som viser nytt samhald og band mellom elevane. Etter ei skuleveke om bord i tidsmaskina Mathilde har det liksom skjedd noko magisk. Elevane har fått respekt for fartøyet og historia det representer, og eit band til fortida som kan vera viktig på livets seglas.
Mathilde til kai på basen ved Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund ( foto Torvik)
*(i 1994 endra stiftinga namn til Hardanger Fartøyvernsenter)
For info om Hardanger fartøyvernsenter og Hardanger Maritime leirskule www.fartoyvern.no
http://www.hardangerogvossmuseum.no
Geir Madsen, seniorkonsulent ved Hardanger og Voss museum, avdeling Hardanger fartøyvernsenter
Utdanna skipsingeniør og trebåtbyggjar.
Tilsett på Hardanger fartøyvernsenter frå 1985, arbeidsleiar under restaureringa av Mathilde frå 1987.
Initiativtakar og leiar av Hardanger trebåtfestival sidan 1999 (www.trebaat.no)