Skrevet av Silje Hausberg Tjosås

To år er gått sidan sist innlegg om MF Folgefonn I. Mange lurer sikkert på korleis det går med den ærverdige ferja. I skrivande stund ligg den på Bredalsholmen Dokk og fartøyvernsenter der heile skroget og alt stål, utvendig og innvendig, har vorte sandblåst og prima. Neste steg er tilstandsvurdering og planar for vidare reparasjonsarbeid.

FolgefonnFolgefonn i dokk på Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter
Foto: BDF

Fartøyet

Etter møte med Riksantikvaren i mars 2017 vart det beslutta at MF Folgefonn skulle slepast til Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter (BDF). Stålskroget var i svært dårleg forfatning og behovet for omfattande restaurering var naudsynt for å kunna bevara fartøyet.
I april same året vart Folgefonn slept til Haugesund og vidare til Bredalsholmen. Før dette var mesteparten av innreiinga demontert ved Hardanger Fartøyvernsenter (HFS).
For å få oversikt over tilstand måtte alt stål sandblåsast. Det vart beslutta at det beste for vidare arbeid var å demontera alt innvendig slik at berre stålskroget stod att. HFS hadde oppstartsmøte med BDF hausten 2017 der ein gjekk gjennom status, ansvarsforhold og vegen vidare. I desember 2017 starta ein opp arbeidet med klargjering for sandblåsing. I denne samanheng var representantar frå Hardanger Fartøyvernsenter til Bredalsholmen. Der gjekk me gjennom ein plan for dokumentasjon og demontering av resterande komponentar om bord saman med BDF.
Representantar frå Hardanger Fartøyvernsenter var våren 2018 på Bredalsholmen for å dokumentera og demontera resterande treverk, herunder alt frå tredekk til styrehusvegger og tak. Det vart og utført merking, oppteikning og panoramafotografering av dei rom dette ikkje var utført tidlegare.
Folgefonn er freda av Riksantikvaren. Når ein jobbar med restaurering av eit slikt fartøy er det viktig å starta i riktig ende. Ein kan ikkje berre byrja å riva. I forbindelse med demontering er dokumentasjon svært viktig. Ein dokumenterer ikkje berre med tanke på gjenoppbygging, men og med tanke på at fartøyet er historisk viktig. I forbindelse med demontering kan ein sjå spor etter endringar som har blitt gjort på fartøyet opp gjennom åra. Desse spora er det viktig å dokumentera og tolka etter kvart som ein riv. I utgangspunktet skal ikkje noko kastast, og om noko vert kassert på grunn av at ein ikkje kan nytta det igjen må det dokumenterast kvifor.

Dersom ein ynskjer meir informasjon om demontering, og dokumentasjon i forbindelse med dette kan ein lesa artikkelen Demonteringens kunst

401 tak casing og styrehusFjerning av papp på styrhustaket
Foto: HFS

Samstundes som ein riv er det viktig å dokumentera med skisser og tekst korleis dei ulike delene av fartøyet har vore bygd opp. Det treng ikkje vera nokon avansert avhandling men nokre ord om korleis ting har vore gjort, materialvalg, dimensjonar, kva rekkefølge det har vore bygd og kva festemiddel som har vore nytta. Saman med ei skisse og nokre bilete gjer det arbeidet mykje enklare om nokre år når ein skal byggja opp igjen og montera dei same delen. Skisse aktre styrehus

Ein kan lesa mykje nyttig informasjon i forbindelse med demontering. På eit tredekk kan ein kan til dømes sjå dei ulike laga med natemasse, dimensjonar på dekk, eventuelle reparasjonar som har vore utført, korleis skøytane er utført, at det er hogde laskar etc.

401 tak casing og styrehusDokumentasjon av tredekk på styrehustak.
Foto: HFS

Motor og maskinrom

Norsk Veteranmotor AS (NV) har jobba med overhaling av motoren som skal installerast i Folgefonn. Den originale motoren vart demontert og kassert då Folgefonn låg i England , men HFS har skaffa til veie ein Wichmann 4ACA frå 1967. Dette er tilsvarande maskina som vart installert i Folgefonn ved motorskifte i 1965.

Wichman 4ACAHovudmotoren til Folgefonn hos Norsk Veteranmotor på Rubbestadneset
Foto: NV

I januar 2018 hadde me ein gjennomgang på resterande komponentar i motorrommet. Representantar frå NV bidrog med detaljkunnskap på dei enkelte delene slik at BDF kunne fortsetja med demontering.
HFS har og vil nytta Norsk Veteranmotor sin kompetanse i forbindelse med restaureringsplan for motorrommet. Det er og tanken at noko av deira kapasitet og kompetanse kan nyttast i forbindelse med overhaling av ulike deler i motorrommet.

Rapportering

Samstundes som arbeidet med restaureringen er i gang for fullt held prosjektleiar ved Hardanger Fartøyvensenter på med Teknisk – Historisk dokumentasjonsrapport (THD) for MF Folgefonn. Denne rapporten tar for seg Folgefonn sin historie, korleis fartøyet er bygd og kva endringar som er gjort opp gjennom åra.
Formålet med denne rapporten er å kunna identifisera og tidfesta dei endringane som er gjort på fartøyet, slik at ein har mest mogeleg informasjon til å kunna bygga fartøyet opp igjen på ein historisk korrekt måte. Samtidig er det ynskjeleg å samla all informasjonen som er tilgjengeleg frå MF Folgefonn i ein rapport for ettertida.

Skjermbilde (87)I forbindelse med THD finn ein mykje nyttig informasjon på eldre bilete
Foto: Kjell Herheim, Kvanndal 1946

Sandblåsing

Arbeidet meg klargjering for sandblåsing har vore omfattande. Ein starta med å setja opp opp stillas og leidere og brenna ut provisoriske tilkomstluker forut, i maskinrommet og akterut. Deretter måtte alt på nedre dekk demonterast, inkludert pigging av betongballast i akterskipet, i bunnramme i maskinrommet, på heile tanktoppen i forskipet samt i kjettingkassa forut. Vidare vart alle ventilar demonterte, samt resterande eletrisk anlegg, luftekanalar etc. samt toaletta i casingen.
HFS har demontert alt av tre på dei ulike dekka. Herunder styrehustak, fronten på styrehuset, alle vinduskarmar og dører av tre, aktre styrehus og alle leiderar samt resterande tredekk. Etter at tredekka var demonterte måtte ein laga provisoriske dekk og stillas innvendig for trygt å kunna arbeide. For tilkomst til stål måtte desse dekka lagast slik at dei lett kunne flyttast på.
Det vart satt opp utvendig stillas for tilkomst. Heile fartøyet vart deretter pakka inn med krympeplast.

FolgefonnUtvendig stillas og tildekking før sandblåsing av Folgefonn
Foto: BDF
FolgefonnUtvendig skrog ferdig sandblåst og prima
Foto: HFS

Folgefonn
Kjettingkassen i forskipet etter sandblåsing.
Som ein kan sjå er tilstanden dårleg og omfattande utbetringar må til.
Foto: BDF

Vegen vidare

MF Folgefonn er no ferdig sandblåst utvendig og innvendig. Dei sandblåste områda er prima. Bredalsholmen Dokk og Fartøyvensenter er godt i gang med tilstandsrapporten som skal danna grunnlag for vidare arbeid. Som antatt er det omfattande reparasjonar som må gjerast framover. Spesielt forskipet undervanns, casing på brudekk og rennesteinar er i svært dårleg forfatning.
Folgefonn er i all hovudsak klinkbygd. Alt arbeid som skal utførast vidare blir gjort slik det var då fartøyet var bygd. Der det har vore klinka vil det igjen bli klinka, og eventeulle endringar som ikkje er i tråd med slik den såg ut i den avtalte restaureringsperioden vil bli tilbakeført slik det var.
Etter at alt stålarbeidet ved Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter er utført skal Folgefonn fraktast tilbake til Hardanger Fartøyvernsenter for trearbeid og innreiing.