Skrevet av fartøyvernkonsulent Håvard Gjerde
Nokon ser på riggen, nokon ser på baugen, andre igjen ser på hekken. Eg høyrer til sistnemnde kategori. Særleg kutterhekken øver stor tiltrekkingskraft. Men å komme raskast muleg til saka, blir eg tvungen til å hoppe over ei innleiing om historia, funksjonen, oppbygginga til- og utforming av denne elegante bakenden.
Figur 1 Tampen I, ein klassisk norskbygd kutter, vakrare blir det ikkje, fotograf ukjent
Denne gongen handlar saka nemleg ikkje om kutterhekken si mangslungne historie (med stordomstid i Noreg frå om lag år 1900 til 1945) og mangfaldige utformingar. Denne gongen opptrer kutterhekken meir som ein karakter i ei soge som enno ikkje har komme til si avslutting. Moralen derimot, bør allereie vere klar nok: I fartøyvernet er det er framleis mykje me ikkje veit, til og med om hardangerkuttaren, og at det berre er toskar som trekker raske slutningar.
Det byrja med oppmålinga av fiskekuttaren Fremad II, som nyss var ferdig oppstøtta på slippen vår ved HFS. Her skulle me i gang med ei omfattande istandsetting, som innebar utskifting av det meste av tømmeret, hekken medrekna. Før riving var det om å gjere å ta gode mål mot fastpunkt i slippskuret, slik at me kunne bygge han opp att slik han var då han kom på slipp. Å løfte litt på hekken er sjølvsagt lov i slike tilfelle, for tyngdekrafta har ein tendens til å dra han ned. I Morten Hesthammer sin rapport frå 1998 «Fartøybygging i Hardanger og Sunnhordaland» vert fire båtbyggjarar intervjua, mellom anna om oppbygginga av kutterhekken. Skipstømrar Ingvald Vevik frå Løfallstrand fortel her om ein engelskkutter som kom til slippen ein gong, og då «…slepa hekken i sjøen». (Hesthammer 1998 s. 44)
Figur 2 Fremad II, skisse: H. Gjerde, HFS, 2016
Uansett, når eg skulle måle opp hekken, fann eg ikkje heilt ut av det, måla ville liksom ikkje stemme. Eg laga meg ei skisse undervegs, men dei innvendige og utvendige måla stemte rett og slett ikkje overeins. Når eg samanlikna med fin linjeteikning, som vart laga i samband med oppmåling av båten i 1984, såg teikninga harmonisk nok ut i seg sjølv, men denne harmonerte heller ikkje med røynda, ikkje når me kom til hekken. Kva var dette? Eventyret om hekken som ingen kunne målsette?
Eg gav meg på det og byrja å rive i staden. Eg ville sjå kva vondskap som låg gøymd i bakenden på Fremad II. Først då skansekledninga var pilla av fann me forklaringa på oppmålings-trøbbelet: dekksnivået samsvarte ikkje med målargongen, altså øvste hudplanken, eller vinsen, som den formhogde fortsettinga av denne planken heiter her akter rundt hekken. Dekksoverflata var merkeleg nok 165 mm høgare enn overkanten av vinsen ved midtstøtta (akterste punktet).
Figur 3 Fremad II i rivefasen, skansekledning er tatt av. «Normalt» ville hudplankinga flukta med overkant av dekk. Foto: HFS
Dette inneber at dekket ikkje var festa til huda her akter, men berre til rekkestøttene, og at drivnatet, som venteleg skulle vere mellom dekk (fyllstykke) og målargong (vins) i staden var mellom dekk og skansekledning. Denne oppsiktsvekkande nivåforskjellen var gradvis minkande framover heit til nivået samsvarte 7-8 meter lenger framme, og her kunne teori og praksis atter ta kvarandre i handa. Gjensynsgleda var venteleg stor.
Eg seier oppsiktsvekkande, mest fordi me ikkje kjente til denne byggemåten frå før, men også fordi han strir mot prinsippa om forboltning i det kritiske området i overgangen mellom hud og dekk. I tillegg kjem det at å skulle banke ned drev mellom dekk og ei påspikra skansekledning ikkje vert rekna som optimalt i faget vårt. Ein god gjennomgang av nokre norske hovudtypar av kutterhekken er skildra og skisserte i «Kravellbygging i Norge» (Arisholm mfl. 2008, s230-233), men denne varianten er ikkje fanga opp her.
Figur 4 Fremad II under gjenoppbygging, skansekledning neste, foto: L. A. Oma, HFS 2019
Min første tanke var at denne konstruksjonen måtte skuldast ei endring undervegs. Kanskje eigaren braut inn under byggeprosessen og ville ha betre plass under dekk heilt akter? Problemet med ei slik forklaring var at ingenting i den berande konstruksjonen under dekket, frå bjelkevegar og revisè til bjelkelag, såg ut til å vere endra på. Alt harmonerte fint her, frå stilk til stamn. Derfor må ein medvite ha lagt plankeløpet slik at øvste gangen kom lågare ut akter. Med andre ord føl dekket ei krappare springline her enn det utvendige skroget.
Alt tydar på at det vart gjort slik allereie under den store ombygginga ved Løfallstrand i 1958, der båten vart forlenga med ny hud og nytt bjelkelag slik han at på mange måtar sto fram som eit nybygg. Derfor var det heller ikkje noko som tydar på at løysinga vart velt for å løyse ei ombyggings-utfordring. Det var elles som standard praksis å rekne, at ein letta på baken til engelskkuttarane, då vart hekken kappa av ved stilken og tømra opp på nytt. (Hesthammer 1998 s. 44)
Figur 5 Fremad II, skansekledning er på plass, og det er ikkje lenger lett å sjå noko uvanleg, verken ute- eller innefrå, foto: HFS 2019
To av båtbyggarane som Morten Hesthammer intervjua i rapporten sin jobba på naboverftet til Hellesøy Båtbyggeri, der Fremad II vart bygd om, men denne måten å gjere det på er ikkje nemnd her. Heller ikkje andre stader har eg funne fotografi eller skildringar av liknande. (Fenomenet er ikkje so lett å få auge på sidan skansekledninga skjuler ein eventuell nivåforskjell.) Den førebelse konklusjonen vart at her måtte me ha med eit unntak å gjere. Eit eingongstilfelle, utan fare for gjentaking. Ein ukjent faktor skapte ei uortodoks løysing. Interessant nok, men ikkje meir enn det.
Men så ein dag: Eg var på kaia for å sjå nærare på skansekledninga på Eitrheim, ein hardangerkuttar bygd på Snilstveitøy i Kvinnherad i 1937. Skansekledninga på hekken var nemleg bygd opp på same måte som på Fremad II. Då ser eg det: Ikkje berre skansekledninga, men heile hekken på Eitrheim er bygd opp på same måten som på Fremad II! Den flotte, men noko medtatte, kutteren som har nødhamn hos oss, eit steinkast frå Fremad II, hadde altså den same uortodokse oppbygginga av hekkspartiet. For ein samantreff!
Figur 6 Eitrheim, Foto: HFS, 2016
Teorien om slump og eingongstilfelle måtte skrotast, ikkje dess mindre fordi Eitrheim var eit nybygg frå eit annan stad, bygd meir en 20 år tidlegare enn ombygginga av Fremad II. Når den første kutteren du ser nærare etter på, også er bygd på same måte, kan me heller ikkje snakke om eit togongstilfelle. Slik slump finns ikkje. Og ganske riktig: Ein vakker vårdag såg eg at det låg ein kutter, som eg ikkje hadde sett før, i hamna i Norheimsund. Rutinemessig gjekk eg nedom for å sjå nærare på han. Han heitte «Frimann» og på eit skilt stod det at han var bygd i Fana i 1920. Det første eg undersøkte var sjølvsagt hekken, og, hald deg fast: det var same sorten nå igjen! Frimann skal ha vore bygd om i 1936-1937. Eg har ikkje undersøkt om dette også kan ha vore i Hardangerfjorden ein stad.
Figur 7 M/K “Frimann” Skisse: H. Gjerde, HFS; 2019
Eventyret om hekken som ingen kunne målsette har no blitt til ein baktung kriminalroman, men saka er framleis ikkje oppklara. Kven innførte denne uortodokse byggemåten? Var han medvitslaus i gjerningsaugneblinken? Har me eit motiv? Spørsmåla er mange men svara er få. Cold-case avsnittet ved Hardanger Fartøyvernsenter har derfor velt å gå offentleg ut og be publikum om tips. Er det nokon som kjenner liknande tilfelle? Finns det tidsvitne? Fotografi frå bygging? Alle tips vert mottekne med interesse og takksemd.
Håvard Gjerde
Fartøyvernar ved HFS
What a beautiful boat, the type that dreams are made of.
LikeLiked by 1 person