Vinteren 2020-21 hadde me besøk av MF Haugefisk ved Hardanger Fartøyvernsenter. Me hadde fått i oppdrag å restaurere kapteinslugaren og tilbakeføra denne, til slik den var i verneperioden.

Arbeidet med planane for restaureringa starta mykje tidlegare. Allereie hausten 2017 var me om bord på MF Haugefisk i Iglandsvik i Bremanger. Det hadde vore utfordringar med lekkasje, og deler av kapteinslugaren og innreiinga var øydelagt. Ein grovplan og eit overslag for jobben vart utarbeida. I 2019 fekk me førespurnad om å utføre arbeidet med å setje i stand lugaren, og arbeidet med ein restaureringsplan tok til.

MF Haugefisk vart bygt i 1978, ved Nordtveit Båtbyggeri, som shelterdekka havfiskebåt for autoline- og garnfiske og dreiv fiske i Nordsjøen, Nord-atlanteren og Barentshavet. Haugefisk vart kondemnert i samband med strukturkvoteordninga, og Kystmuseet i Florø overtok fartøyet i 2005. Haugefisk har heimehamn i Iglandsvik i Bremanger og er drifta av Haugefisks venner. Fartøyet er verna av Riksantikvaren, og verneperioden er satt til det første tiåret i drift.

Haugefisk er eit av dei yngste verna fartøya i Noreg. Ein kan kanskje tenkje seg at å restaurere ein båt som er så “ny” skal vere ei smal sak. Prinsippa ved restaurering av eit verna fartøy er å nytte mest mogeleg av gamle delar og komponentar. Material som blir skifta skal vera av same type og kvalitet som det originale. Overflater skal gjenskapast så godt som mogeleg. Det er her me møter på den største utfordringa: Skal ein gjenskape deler til ei hardangerjakt frå 1877, kan ein i stor grad lage delane sjølve, men når ein kjem til innreiing og delar som er maskinelt produserte, og ikkje lenger i produksjon, er det ikkje like enkelt.

Utsnitt av byggeteikning  for Haugefisk som nybygg, viser planløysinga  i kapteinslugaren

Mangelen på bilete innvendig i eit fartøy er og ei kjend utfordring i samband med restaurering og tilbakeføring. Slik var det og om bord på MF Haugefisk, sjølv om fartøyet er relativt nytt. Dei eldste bileta me har, er frå etter verneperioden. Kapteinslugaren har då blitt bygd om til ein tomannslugar. Me veit at ei ekstra køye og skap vart  satt inn, samt at det er skifta plater på ytterskotta på grunn av vasskader. I arbeidet med å gjenskape lugaren slik den såg ut som ny, har me nytta ulikt kjeldemateriale, blant anna teikningane frå nybygget, kvitteringar frå Nordtveit båtbyggeri og restar av innreiing frå kapteinslugaren og anna innreiing. Ved å sette saman denne informasjonen kunne ein danne seg eit bilete av korleis lugaren har sett ut då fartøyet var nytt.  Ein detaljert restaureringsplan med skisser og materialval vart utarbeida.

Kapteinslugaren slik den såg ut før restaurering.

Skisse av kapteinslugar. Benk, bord og køye sett mot bad slik det har sett ut i 1978

I samband med at kapteinslugaren har blitt ombygd til ein tomannslugar, har det blitt gjort ein del endringar. I tillegg til at det er satt inn ei ekstra køye er det og satt inn fleire nye skåp i akterkant. Der var det tidlegare ein benk, eit skåp og ein lysventil. Dette skulle no på plass igjen.

Kvar lysventilen skulle stå var ikkje vanskelig å sjå, både bilete frå verneperioden og merker i stålet på utsida av skottet, synte dette. Det som var meir utfordrande var å skaffe riktig ventil. At han ikkje var nedsenkbar, kunne me sjå på bilete. Korleis han elles skulle sjå ut, visste me ved å sjå på tilsvarande ventilar på brua. Kvitteringane frå bygginga kunne og fortelje oss kor den var kjøpt, og kva dimensjonar den hadde. Men problemet var at ingen produserer slike lenger. Vi kontakta då ulike skipsopphuggeri, men også dette utan hell. Me hadde nesten gitt opp håpet, då me vart tipsa om eit restlager etter firmaet som i si tid hadde levert deler til MF Haugefisk. Då me tok kontakt, viste det seg at også her var det ganske skrapa. Lukka var difor stor då telefonen kom om at det låg ein einsleg ventil av riktig sort og venta på oss i Karmsundet.

Ny ventil ferdig montert

Med ny ventil på plass, var turen komen til panel. Her var det restar etter eikepanel med not og laus fjør, på fleire av skotta. Det gamle panelet hadde ein kjerne av sponplater belagt med eikefiner. Tilsvarande panel fekk me spesiallaga ved Lium møbelverkstad. Då me demonterte det gamle panelet, såg me det var satt fast med spesielle panelklips. Desse er heller ikkje i handelen lenger, men me fann tilnærma like, som me nytta då me sette opp det nye panelet.

Gamal klips

Eit av prinsippa ved antikvarisk restaurering er at overflater og materialval skal vera som det var på vernetidspunktet. På MF «Haugefisk» er det brukt laminat med mahogni-imitasjon på køyefrontar og inne i køya, samt på benker og skap. Det viste seg å ikkje vera mogleg å oppdriva laminat med heilt riktig farge/tre-imitasjon. Me måtte difor ta eit val om kva erstatning me skulle nytta. Var det mest riktig å bruke finer og lakke dette, slik at farge og utsjåande vart riktig, eller var det mest korrekt å nytte laminat som likna, for å få riktig materiale og overflate? Me måtte stilla spørsmålet: Kva er viktigast? Material-autentisitet eller visuell autentisitet? Tidsriktig teknologi tilseier at det skal vera laminat. Handverksmessig er og laminat det riktige. Køye, skåp og benk ville då få ein annan farge enn tidlegare, og ein annan farge enn på dei andre lugarane, men det var fortsatt mahogni-imitasjon

Køye etter restaurering med ny laminat med mahogni imitasjon. Laminat med lys løvtre-imitasjon inne i køye, samt skuffer er nytta opp igjen.

Skotta inne i køya er kledt med laminerte plater med lys løvtre-imitasjon. Desse platene var det heller ikkje mogleg å skaffe noko god erstatning for. Dei ville i så fall hatt ein annan farge og trestruktur. Derfor strakk me oss ekstra langt for å kunne gjenbruke desse platene. I forbindelse med tidlegare reparasjonar var platene sagd av i botnen, men dette var under køyebotnen og bak skuffene og ville derfor ikkje bli synlig. På sengegavlen akterut var platene derimot kutta så høgt oppe at dei ikkje kunne gjenbrukast. Difor laga me gavlen i mahogni, som innsida på køyefronten. På skottet inn mot skorsteinen var det hol og merker etter den gamle sengebotnen. Desse vart tetta med lys linoljekitt.

Listing viste seg å vera enklare. Ut frå restar av listverk på denne lugaren og listene på dei andre lugarane kunne me slå fast korleis profilane har vore. Sjølv om dei opphavelege trelistene var fabrikkproduserte hyllevarer, er dei enkle å gjenskape på verkstaden vår.

Originalt var det eit skap og ein benk i akterkant av lugaren. Desse vart laga etter måla frå byggeteikninga, og originale skåp og benker frå andre lugarar vart nytta som mal.

Både skåpet og benken vart laga av same mahogni-laminat som køyene, og skåpdøra vart laga med eikefiner, som på dei andre lugarane. Til benken fekk me den lokale møbeltrekkaren til å laga nye puter med tilsvarande skai som på den originale puffen i lugaren.

Ny benk og skap tilsvarande slik det var i verneperioden

Det er eit spanande detektivarbeid å pusle saman bitane som skal til for å gjenskape kapteinslugaren. Eit døme på dette er teppeflisene på dørken. Informantar har uttala at det var grøne teppefliser på kapteinslugaren, i gangen utanfor og på brua. I kvitteringane frå bygginga kan ein og lese at det har vore bestilt inn teppefliser. Men korleis har desse sett ut? Grønt kan vera så mangt. Kor store var dei, og korleis såg overflata ut? Kan me stole på det som blir sagt? Opplysingar om at det også skulle ha vore teppefliser på brua gav oss ein idé om at det kanskje kunne vera nokre restar igjen der. Og ganske riktig: under ein benk på brua kunne me finne restar av grøne teppefliser. Det gjorde at siste brikka fall på plass og Haugefisk fekk tidsriktige teppefliser på Kapteinslugaren. Resultatet vart så fint at ein nesten får lyst å pusse opp stova heime på nytt!

Lugaren er ferdig og innflyttingsklar