Håvard Gjerde, «fartøygranskar» ved Hardanger Fartøyvernsenter.

Figur 1. MB Tafjord er mellom anna kjend frå dei ikoniske bileta etter Tafjord-ulukka: Flodbølgja som i 1934 reiv hus og tok menneskeliv. Medan hus og andre båtar vart til pinneved, klarte dette fartøyet seg forunderleg godt. Fotograf: Schrøder

Cold cases.

For to år sidan slutta eg som båtbyggjar og byrja som fartøyvern-konsulent. Sidan den gongen har son min fleire gonger spurt kva eg eigentleg jobbar med. Då reinskar eg stemma, set guten på fanget og går entusiastisk til verks med forklaringa, men etter nokre få innleiande setningar har han allereie mista interessa. Han konstaterar tørt at han skulle ønske at eg framleis var båtbyggjar. «Pappa er båtbyggjar!» Handfast og fantastisk.


Neste gong han spør meg, skal eg ikkje svare fartøyvern-konsulent, men etterforskar. Eller kanskje fartøygranskar. Det høyrest nok meir spennande ut for ein som seier han enten vil båtbyggjar eller politimann når han blir stor. Når ein først tenkjer over det, er det mange likskapar mellom det eg og kollegaane mine held på med og god gamaldags politietterforsking. Den største skilnaden er sjølvsagt at det ikkje har skjedd noko brotsverk. Fartøygranskaren skal ikkje ta sjørøvarar, men ho skal danne seg eit bilete av noko vart gjort og såg ut. La oss seie at det gamle fartøyet er eit brotsverk av verste sorten, ja eit drap. Me har gjerningsmenn og åstadar, men sakene er gamle –altså såkalla «cold cases».


Kriminal-analogien inneber at handverkarane som har vore med og bygd fartøyet, og dei som har vølt på han, vert rekna som gjerningsmenn. Dette vert jo ei sjølvmotseiing sidan det i alle fall ikkje er desse folka som har drepe fartøyet, dei har tvert om gjeve liv til det – og eventuelt halde liv i det. Men dette får stå si prøve. Det finns dautømmer i skroget og lik i segla –kanskje til og med i lasta, men her er det altså heile fartøyet som er liket. I blant kan dette vere ein treffande karakteristikk på eit verneprosjekt. Eit lik som kom flytande i land, ille medfare og langt frå åstaden. Eller det vart funne på botnen av fjorden.

Figur 2 Gjerningskvinner. Framtidas fartøygranskarar kan ikkje berre snakke om «gjerningsmenn». Båtbyggjar Camilla Apelseth Snemyr (t.v) og lærling Emilie Hansen Weydahl er med og set MB Tafjord i stand ved Hardanger Fartøyvernsenter.


Gjerningstidspunktet.

Noko av det første etterforskaren må prøve å slå fast er gjerningstidspunktet. Omsett til fartøyvern blir dette verneperioden. Fartøyet har som oftast vore offer for mange brotsverk før det vert verna av riksantikvaren –i enkelte tilfelle også etter det vart verna. For å danne seg eit bilete av vernetidspunktet, må ein først sortere kva spor som høyrer til kva brotsverk. Seinare brotsverk kan innebere bevisforspilling av verste sort, likeeins kan og dei tidlegare brotsverka, the original sins, lett leie etterforskinga i feil retning.


Motiv.

Fartøyetterforskinga tar alltid utgangspunkt i at brotsverket har eit motiv -at det er overlagt, men i bland må ein likevel spørje seg om ikkje gjerningspersonen har vore medvitslaus i gjerningsaugneblinken. Kvifor i allverda vart det dekket lagt på den måten? Og kvifor ligg margen på dekksplanken ut og ikkje inn?
Det mest typiske motivet for å byggje eit fartøy er kort og godt at nokon har tinga seg eit fartøy. Eit tingingsdrap, altså. Typiske motiv for ombyggingar kan vere ynskje om ein lenger båt, større fart eller betre passasjerkomfort. Betre tryggleik kan også vere eit drapsmotiv.

Figur 3. Foto-bevis. Slik såg MB «Tafjord» på gjerningstidspunktet. Fotograf: Karl Korsnes. Datering: 1970


Bevis.

På fartøyvern-språket snakkar ein om å «dokumentere», men i følgje Store norske Leksikon tyder dette «å føre bevis». Bevismaterialet kan delast opp i dei fysiske spora på eine sida, slik som funn på åstaden og skader på offeret. På andre sida har me meir eller mindre pålitelege kjelder, slik som vitneutsegn, fotografi og målebrev. Ein må skilje mellom indisium og bevis. For at aktoratet skal ha ei best mogleg sak, bør ein gå for ei verneperiode med mange spor og bevis.
For å finne ut kva tid dei ulike delane i eit trefartøy vart sett inn, nyttar me oss i bland av dendrokronologi eller årringsdatering. Dette er fartøygranskinga sitt motsvar til DNA-analysen, og kan på ein god dag stadfeste både når og kvar treet vart felt. Me snakkar då om fellande bevis.

Figur 4 Fantom-teikning av offerets profil og dekksarrangement. Skisse: Håvard Gjerde.


Drapsvåpenet.

Som sagt er det grovt missvisande å kalle skipstømrarane og andre involverte handverkarar for drapsmenn. Likevel er det enkelte trekk ved handverket deira som kan minne om bøddelen sitt. Dei som driv med bygging av tradisjonsbåtar, til dømes, er valdsamt krye av dei propellforma båtborda som dei må hugge til etter kompliserte mønster frå nedarva tradisjonar: Dette ritualet kallast halshogging.


Øks er også det mest brukte drapsvåpenet i dei eldste fartøy-granskingssakene, men når me kom inn på 1900-talet, kom det til heilt arsenal av nye og utspekulerte våpen: elektriske, bensindrivne og luftdrivne. Snart var dette berre fantasien som sette grenser. Dei gamle gjekk heller ikkje av vegen for bruk av gift. Blymønje, til dømes, var ein gjengangar. Slik som med den gamle halshogginga, ber også dei nyare ugjerningane av og til preg av å vere dei reinaste avrettingane. Avrettarhøvelen er eit typisk døme på dette.


Når drapsvåpenet ikkje er å oppdrive, må ein heller tolke skadane på offeret. Verktøyspora kan vere avgjerande spor i fartøygranskinga. Inngangs- og utgangsår? Stikk-, slag- eller hoggskader? Grov- eller finkalibra? Stump gjenstand? Her må både rettsmedisinsk og kriminalteknisk avdeling på bana. Ikkje uventa viser spante-kapittelet i obduksjonsrapporten om galeas «Søblomsten», bygd i Vestnes i 1864, at her har gjerningsmennene berre brukt øks. Derimot er tømmeret på M/B «Tafjord», bygd i Vestnes i 1927, «sidehogd» med sirkelsag, type grovkalibra.

Figur 5 Til venstre: Ein sjeldan type fotobevis som viser delar av salonginnreiinga på MB Tafjord i verneperioden (fotograf: Alf Inge Tafjord). Til høgre: Åstad med spor etter ulike salong-innreiingar (foto: HFS).


Gjerningsmannen.

I fartøyvernet er det ikkje nok å peike ut gjerningsmannen, han må også forståast. Rekonstruksjon av metode og hendingsforløp er nemleg ikkje berre eit middel –det er eit mål. Derfor er det viktigaste grepet innafor fartøygranskinga at handverkarane lærer seg å tenkje og handle som gjerningsmennene. Ikkje for å drepe fartøyet, men for at det skal stå opp frå dei daude.


Gjerningsmennene var ofte leigemordarar og seriemordarar med lange rulleblad. Derfor er det nyttig å ha ei mappe der me samlar opplysingar om andre ugjerningar. Me vil så og seie prøve å finne signaturen til gjerningsmannen –eller fingeravtrykket, om du vil. I tilfellet MB «Tafjord» er me så heldige at me også har granska ei anna sak knytt til same gjerningsmann, nemleg fiskekuttaren MK «Heland». Denne vart bygd 10 år etter MB «Tafjord» og begge er kutterar. Likevel viser det seg at konstruksjonen av hekken, kutteren sitt kjenneteikn framfor alle, var ganske ulik på dei to fartøya.

Figur 6. Approbasjonsteikning for MB «Tafjord» utført av båtbyggjar Einar Helland i 1927. Dette er verdifullt bevismateriale, men OBS! OBS! Slike teikningar vart ikkje laga for å byggje etter men for å få godkjenning frå Sjøfartsdirektoratet. Kart og terreng stemmer sjeldan heilt overeins.


Drapsmønstera.

Skroget på MB «Tafjord» er etter alt å døme lite endra på etter at det var bygd nytt, og for skroget sin del vert derfor gjerningstidspunktet sett til 1927. Nesten ei kvar kriminalsak inneheld nye og «ukjente» mønster. Dette kan vere framgangsmåtar som ein gong var vanlege, til dømes i det kriminelle miljøet i Vestnes på 1920-talet, men som ikkje tidlegare har vore fanga opp av fartøygranskarane. Ei døme på dette er det kraftige «hekks-skottet» på MB «Tafjord». Skottet ligg klemt fast som eit eksotisk pålegg i ein sandwich, mellom stilk og dautømmer, og det har fungert både som dekksbjelke, botnstokk, spant og forankring for hekks-spanta, som står i vifteform. Slike skott har me ikkje dokumentert før, men nærare gransking av byggeteikningar av andre kutterar bygde i Vestnes tyder likevel på at denne løysinga kan har vor vanleg i distriktet.


Medan spant i vifteform er kjenneteiknande for hardangerkuttaren, er sargen, heilt ytst på hekken, eit kjenneteikn hos nordlandskutteren. MB “Tafjord” kombinerer altså desse to trekka og legg til eit kraftig konstruktivt skott. MK «Heland» derimot, er bygd som ein hardangerkutter og kan verken skilte med hekks-skott eller sarg. Dette er dømer på at gjerningsmennene i fartøyvernet vanskeleg let seg fange inn. Hos dei opne klinkbygde og stadbundne tradisjonsbåtane kan ein følgje nedarva bygge-mønster som er ført vidare gjennom generasjonar, men når ein granskar fartøy med dekk, vert mønstera mange og fleirtydige. Fartøy-byggarane let seg dessutan villig inspirere av utanlandske storforbrytarar. Til dømes er kutteren som skrogform importert frå England.

Figur 7 Hekks-skott på MB Tafjord. Skisse: Håvard Gjerde
Figur 8 Sargen på MB «Tafjord». Skisse: Håvard Gjerde


Åstaden.

Gjerningsmannen vender alltid tilbake til åstaden heiter det. I tilfellet MB «Tafjord» vart gjerningsmannen, skipsbyggar Einar Helland, verande på åstaden –det vil seie verftet. I staden var det offeret som vendte tilbake. I 1960, 33 år etter at fartøyet vart bygd, vendte MB «Tafjord» tilbake til byggestaden. Det som skjedde i 1960 er like viktig for verneprosjektet som byggeåret, for det var no fartøyet fekk den utsjånaden det hadde i vernepeioden, det vil seie frå 1960 til rundt 1985.
Som i så mange andre cold-case-granskingar kan sjølve åstaden ikkje lenger seie noko om dei gamle brotsverka. Verftet er vekke, og spora må heller søkjast i arkiva. MB «Tafjord» vart driven av eit partslag og måtte jamleg sertifiserast for passasjerar. Dette innebar at ein måtte føre rekneskap og ha orden i papira. Korespondansa og billaga som er tekne vare på og arkiverte år for år er ei gullgruve for fartøygranskaren. I rekninga frå ombygginga i 1960 kan ein til dømes finne all materialen som vart brukt då MB «Tafjord» fekk nytt styrhus, ny skylight, ny nedgangskappe og ny innreiing. Dessverre er det berre unntaksvis oppgjeve kvar i båten dei ulike materialtypane er brukt. Dermed står det likevel att mykje granskingsarbeid. Då trengs både handverksrøynsle og ei audmjuk innsikt i at liknande oppgåver har vore løyst på eit utal forskjellige måtar, som har variert frå epoke til epoke, frå distrikt til distrikt, frå verft til verft og frå båtbyggjar til båtbyggjar.

Figur 9 Medvitslaus i gjerningsaugneblinken? Det er grunn til å tru at roret på MB «Tafjord» ikkje vart laga akkurat som på utsnittet av approbasjonsteikninga til Einar Helland. Rorstammen og hengslinga bør nemleg helst følgje same akse.

Vitneavhøyr


Ingenting er betre enn å få avhøyrd dei misstenkte og skuldige, men gjerningsmennene har ein tendens til å ha gått under torva når fartøygranskinga set inn. Då vert vitneavhøra viktige. Det finns to typar hovudvitne:

  1. aktørar i det kriminelle miljøet/ nettverket der fartøyet vart bygd eller bygd om.
  2. passasjerar eller mannskap som var om bord på gjerningstidspunktet (verneperioden).
    Avhøyrsteknikken er sers viktig. Ein må unngå press og leiande spørsmål. Minnet er ein skjør blome, og er trass alt ikkje ute etter ei tilståing –berre farga på linoleumsbelegget, mønsteret på respateks-bordet, hengslinga på døra, plasseringa av ankervinsjen og andre (uhyre viktige) detaljar. Eller me er ute etter fortrengte minner om det tungvinte arbeidet og dei tunge løfta som måtte til før verftsarbeidaren vart frigjeven av sveiseapparat og traverskran. Kaffi, kaker og gamle fotografi kan vere nyttig for å få minna på gli.
    Anonyme tips. Som fartøygranskar merkar ein nok ikkje den same pågangen frå media som drapsetterforskarane gjer. Det er synd, for mediadekning er ein fin måte å få inn tips på. No ynskjer me til dømes tips om salonginnreiinga på MB Tafjord. Fotografi, spor og kryssforhøyr av vitne har ført oss eit stykke på veg, men store delar av puslespelet står att. Til dømes vil me gjerne vite korleis «Stålrør salongbenker» levert av Brattvåg lenestolfabrikk kan ha sett ut. Verksemda, som truleg vart nedlagt på 1970-talet, leverte nemleg slike til MB «Tafjord» i 1960. Dessutan lurer me på korleis møbelstoff av typen «Karmøy» levert av H.J. Brunstad fabrikker i Sykkylven i 1977 kan ha sett ut. Då vart benkane truleg trekte om. Me tek i mot alle tips, også anonyme!
Figur 10. Tekstil-bevis frå MB Tafjord. Stoffresten hang fast i ein stift i garneringa. Kan dette vere møbelstoff av typen «Karmøy»?
Figur 11 Lysing frå 1961