Hardangerjakta Mathilde i medvind og motvind – Stiftinga Hardangerjakt.

Denne artikkelen vart fyrst publisert i Gamalt frå Kvam (Bygdajol) 2017. Forfattarar er Randi Jåstad og Marie E. Skutlaberg.

På Kaldestad i Norheimsund ligg ei klynge velhaldne bygg som hyser Hardanger fartøyvernsenter, nasjonalt kompetansesenter for fartøyvern, del av Hardanger og Voss museum. Dette kulturhistoriske senteret med nesten førti årsverk er ei viktig bedrift innan turisme og reiseliv i Kvam. Korleis starta det heile?

Mathilde i 1990, ill.: Bård Kolltveit frå Norsk sjøfartsmuseum

I byrjinga av 1980-åra var der ein periode med aukande arbeidsløyse, særleg blant ufaglært ungdom. Dette merkast også i Kvam, og sosialkontoret registerte nær tretti arbeidsledige ungdomar. I tillegg var her ei gruppe psykisk utviklingshemma, som etter lova også hadde rett på arbeidstilbod. På bakgrunn av registreringa sette Kvam formannskap i november 1983 ned ei nemnd: Mogelege tiltak for arbeidslaus ungdom i Kvam, kalla Ungdomsprosjektet. Guttorm Skeie vart leiar og Torbjørn Kaarbø, tilsett på engasjement på sosialkontoret, vart prosjektleiar og sekretær for nemnda. Formannskapet presiserte at dei ville vurdera om eventuelle tiltak nemnda presenterte, skulle setjast i gang eller ikkje. Nemnda gjekk breidt ut, og alt i mars 1984 presenterte dei tre hovudidéar som kanskje kunne utviklast til arbeidsmarknadstiltak.

Ein av idéane nemnda hadde merka seg, var Båtprosjektet. Kaarbø var kjend med at Stiftinga Haugesjøen i Haugesund, som arbeidde med tiltak for ei tilsvarande gruppe ungdomar, hadde sett i gang eit restaureringsprosjekt av eit eldre fartøy. Kanskje Kvam kunne få tak i eit gamalt fartøy som ungdomane kunne restaurera og seinare segla på fjorden med? Kaarbø hadde presentert idéen for Fredrik Dennecke på Norsk sjøfartsmuseum. Kunngjering av auksjonenn frå Alsthaug namsrett. Dennecke visste at ei gamal hardangerjakt, «Kari Louise», opphaveleg kalla «Mathilde»,var for sal i Dønna i Herøy kommune i Nordland. Sjøfartsmuseet hadde registrert skuta i 1979 og vurderte den då som eit framifrå restaureringsobjekt, men ingen hadde teke opp hansken.

Kunngjering av auksjonen frå Alsthaug namsrett.

Tida var knapp, skuta skulle seljast på 4. gongs tvangsauksjon 12. mars 1984. Nemnda hadde enno ikkje lagt fram fullstendig rapport om Ungdomsprosjektet, men fann det likevel rett å fremja Båtprosjektet på formannskapsmøte 28. februar 1984.

Nemnda bad då om:

  • Godkjenning av oppstart av Båtprosjektet etter vedlagd skisse
  • At Båtprosjektet fekk løyve til å disponera ledige lokale med kai ved Solheimsverkstaden på Kaldestad
  • Løyving til reiseutgifter til Arbeidsgruppa sin utsending til tvangsauksjonen.
  • Ei prinsipptilsegn om at Båtprosjektet kunne venta kommunal garanti dersom det vart naudsynt med ekstra lån i samband med restaureringsprosjektet.

Kvam formannskap gjorde samrøystes vedtak om å stetta søknaden, men føydde til:

  • Formannskapet meiner at tiltak av dette slaget høver best å løysa ved oppretting av ei stifting.

Kapital til innkjøp av skuta og frakt sørover vart ordna ved at Kvam og Kvinnherad reiselivslag saman med 32 privatpersonar stilte garanti for eit banklån på kr 100.000. Kristian Djupevåg vart formelt spurd om han kunne reisa til Dønna, vurdera tilstanden til skuta og eventuelt leggja inn bod. Helse- og sosialsjef Hans Atle Soldal fortel at politikarane hadde vanskar med å skaffa pengar til reiseutgiftene til Djupevåg. Difor vart Djupevåg sine reiseutgifter nordover til Dønna finansiert av sosialkontoret sitt reisebudsjett. Hans Atle Soldal og sosialkontoret var heile tida gode støttespelarar for Kaarbø og Djupevåg. Sosialsjefen hadde tru på prosjektet som sysselsetjingstiltak. – Dette var eit prosjekt der ungdomar kunne få vera med på eit skikkeleg arbeid med eit konkret mål, ikkje berre konstruerte oppgåver for sysselsetjinga si skuld, seier Soldal. – Også arbeidskontoret hadde tru på prosjektet, legg Soldal til.

Auksjon på Dønna

Kristian Djupevåg var den i bygda som hadde mest erfaring med restaurering av eldre båtar, og han trong ikkje mange sekundar på å svara ja då sekretær Kaarbø ringde og spurde om han var villig til å reisa til Nordland og handla båt. Då eg kom fram til Dønna, tok eg kontakt med sorenskrivaren for å få greie på kven som hadde pant i båten, fortel Kristian. Det viste seg at Herøy kommune hadde pant på kr 300.000. På dei tre føregåande auksjonane hadde der ikkje kome inn bod i det heile. Skuta hadde lege ved kai i tre år, og hadde sjølvsagt ikkje teke på fram den tida. Eg ringde då ordføraren og fortalde at Ungdomsprosjektet i Kvam kunne vera interessert i å kjøpa skuta og føra henne tilbake til Hardanger og til fordums prakt. «Du må by mere enn kr 300.000 viss du vil ha den båten med sørover!» sa ordføraren. – Da gjere eg ikkje! sa eg, – du får syta for å sletta pantet, slik at me kan kjøpa båten. Alternativet er at skutå blir liggjande ved bryggjå til ho søkk! Viss du godtek det eg har tenkt å by, og sorenskriveren får det vesle han skal ha, så får kommunen resten. Som det gamle ordet seier: Å få noko er bra, å få ingenting er verre! «Vi får se, vi får se. Vi sees på mandag!» sa ordføraren.

Saman med tidlegare eigar gjekk eg så om bord i jakta. Ho var i grunnen eit sørgjeleg syn, hadde lege ubrukt i fleire år. Mykje var øydelagt, men eg såg det kunne vera botavon. Med mykje arbeid kunne det vera råd å berga jakta.

Auksjonen starta måndag kl 10. Det er snart gjort å rekna opp dei frammøtte: Sorenskrivaren og skriveterna hans, ordføraren og eg. Sorenskrivaren las opp det som skulle forkynnast og bad om bod. – Eg spelar med heilt opne kort, sa eg, – eg har fullmakt til å by 27.000, alt inkludert! Skriveterna noterte, og sorenskrivaren spurde så: «Er der flere bud?» Det knatt ikkje i ordføraren.
«Jeg vil oppfordre herrene om å høine sine bud, hvilket jeg ikke vil tro vil lykkes!» sa sorenskrivaren – og så slo han.

Mathilde velberga til Norheimsund
Det kunne ha gått gale. På Hustadvika slitna slepet og skuta dreiv innover mot brenningane i den sterke vinden. Men nett då hardangerjakta såg ut til å skulle bli knust, greidde skipparen å manøvrera «Sigutt» innåt jakta og fekk festa sleparen på nytt. Heile episoden tok 10 minuttar.

Det er Torbjørn Kaarbø som fortel om dramatikken då slepebåten «Sigutt» med skippar Reidar Johansen ved roret fekk «Mathilde» velberga til Norheimsund. Johansen var tilsett i fyrvesenet, og han tok på seg dette slepeoppdraget i ferien sin. Betalinga var helst symbolsk, vel kr 20.000, langt under halvparten av det eit ordinært slep ville ha kosta.

Slepinga tok fem døger. Mannskapet talde to mann, skippar Johansen og eg, fortel Kaarbø vidare, – så det vart lite søvn sørover langs kysten. Heldigvis var veret godt, frisk medvind det meste av strekninga. Kaarbø kallar seg sjølv «skogsmatros». Sidan han var oppvaksen i sildebyen Florø, vart interessa for båt og kystkultur tidleg vekt. I vaksen alder busette han seg i Strandebarm der det fanst rike båtbyggjartradisjonar. – Det var derfor naturleg for meg å engasjera meg i restaureringsprosjektet, seier Kaarbø vidare.

juli 1984 vart skuta lagd ved kai utanfor Solheimsverkstaden. Nokre år tidlegare, då Norheimsund Mekaniske skulle utvida, hadde Kvam herad ekspropriert Solheim sin eigedom.
Båtprosjektet fekk no avtale om å låna området, eitt år om gongen. – Men då skuta var vel fortøyd, skjøna me fort at no begynte den tyngste delen av jobben, både fysisk og administrativt, seier Kaarbø.

Skjer i sjøen i den politiske handsaminga
Arbeidsgruppa låg ikkje på latsida då det i mars gjekk opp for dei at Ungdomsprosjektet plutseleg hadde vorte eigar av ei verneverdig, men søkkeferdig hardangerjakt på 73 fot. Skuta var venta til Norheimsund til sommaren, men engasjementet til Kaarbø på Sosialkontoret gjekk ut 1. mai 1984. 4. april sende dei søknad til Kvam formannskap. I søknaden gjorde dei kort greie for prosjektleiar sine oppgåver, som no mellom anna var å førebu skiping av Stiftinga Hardangerjakt, å følgja opp søknadene til ulike instansar om økonomisk støtte, dessutan praktisk arbeid i samband med slepet av hardangerjakta frå Sandnessjøen til Kvam. Arbeidsgruppa såg det som heilt avgjerande for vidare framgang at prosjektleiar dreiv dette på full tid. Søknaden hadde difor følgjande punkt:

  • Vidareføring av prosjektleiar Kaarbø sitt engasjement i Ungdomsprosjektet til 1. mai 1985, subsidiært fram til årsskiftet 1984/85.
  • Justert lønnsplassering for prosjektleiar, i tråd med tilsvarande stillingar i Kvinnherad, Bømlo, Stord m. fl.
  • Oppnemning av ungdomsrepresentant i Arbeidsgruppa. Inger Wilhelmsen var villig å ta på seg oppgåva.

Med den positive haldninga formannskapet hadde vist på møtet 28. februar, kom det som ei overrasking for mange at stemninga no hadde snudd tvert. Framover våren hadde den positive haldninga hjå ordførar, rådmann og politikarar forsvunne. Negativitet og skepsis tok over blant dei folkevalde. Kaarbø kjende seg som ein kasteball på heradshuset. Han fortel om at han vart tildelt eit kontor som mangla telefon. Då han spurde rådmannen om han kunne få telefon, fekk han til svar: «Kva skal Ungdomsprosjektet med telefon?» – Dette illustrerer den negative haldninga til Båtprosjektet. – Eg tykte det var småleg til tider, seier Kaarbø. På eit formannskapsmøte i mai gjekk politikarane mot arbeidsgruppa sin søknad på alle punkt, dei ville heller ikkje at arbeidsgruppa skulle utvidast med ein ungdomsrepresentant.

Djupevåg og Kaarbø. Foto: Jan Thomas Espedal i BT.

Pressekonferanse på sjøen
Dei som kjempa for å få realisert Båtprosjektet, nytta alle høve til å informera: HF skriv:

Kristian Djupevåg er glødande oppteken av Båtprosjektet, og inviterte til pressekonferanse på fjorden i si private skute. – Det er viktig å skaffa Hardangerdistriktet ei skikkeleg restaurert hardangerjakt, som kan vera eit historisk minne, i tillegg til å vera til gagn og nytte! argumenterte Djupevåg.

Restaureringa vil verta leia og kontrollert av fagfolk på området, fortalde prosjektleiar Kaarbø. – Sume har stilt seg skeptiske til at ufaglærde ungdomar kan greia oppgåva, me har difor kontakt med Haugesjøens Stiftelse som har eit liknande opplegg, og dei har gode røynsler. Jakta skal verta som ny, og alt saman skal gjerast skikkeleg, for jakta er den best haldne hardangerjakta ein har funne mellom Trondheim og Kirkenes. Difor er kostnadane med sjølve restaureringa sett til kr 426.000, men med totalfinansiering over tre år er budsjettet på kr 845.000.

Mathilde i Jondal hamn, om lag 1890.

Skuta var bygd på Nerhus i Ølve i 1884 og fekk namnet «Mathilde». Ho høyrde heime i Jondal til 1919.
Jakta hadde seinare fått motor og namnet var endra til «Kari Louise,» men me hadde von om at den kunne få att namnet «Mathilde». Kristian Djupevåg hadde sagt seg villig å ha fagleg ansvar under restaureringa, dessutan var Jondal Båtbyggjarskule med på opplegget, forklarer Kaarbø. Alle engasjerte seg aktivt og brukte mykje tid på å få inn pengar til startkapital. På tallause arrangement og festivalar langs kysten stilte folk opp for å promotera prosjektet og for å få selja partsbrev som kosta kr 200 per stk for privatpersonar og kr 1000 for bedrifter. Totalt selde me 458 partsbrev med stor geografisk spreiing. På lista over innehavarar finn me folk frå USA og andre land i tillegg til store deler av Noreg. Den store entusiasmen me møtte over alt, varma og gjorde oss meir hardføre i møte med den politiske kvardagen i Kvam, seier Kaarbø.

Olav Tolo hadde teikna ein flott plakat med «Mathilde» i opphavleg stand. Plakaten fungerte som blikkfang på standen vår og skapte merksemd for saka. Til saman fekk me inn kr 79.000 i partsbrev. I tillegg arrangerte me eit stort lotteri. Gevinsten var ein modell av «Gjøa» som Lars Djupevåg, far til Kristian, hadde laga. Lotteriet gav også bra inntekter, men eg hugsar ikkje akkurat kor mykje pengar me Torbjørn Kaarbø fekk inn, seier Kaarbø.

Torbjørn Kaarbø med gevinsten fra lotteriet.

Arbeidet med «Mathilde» kjem i gang

Skroget til «Mathilde» bar preg av ho hadde lege lenge utan tilsyn, og ho trong svært til opphald på slipp. – Eg fekk ordna med gratis opphald på Fjellstrand A/S sin slipp, deretter arbeidde tre-fire mann på dugnad til å “skrapa busta av skuta, som Kristian Djupevåg uttrykkjer det. – I fleire dagar skrapa og pussa me bort groe, skit og lort som hadde samla seg gjennom år, deretter smurde me eit på eit par strøk olje og bunnstoff. Kontrolløren frå Skipskontrollen kom på «besiktigelse». Han var nøgd med arbeidet som var utført og med planane me hadde for vidare arbeid og gav den nødvendige godkjenning. Etterpå fann han han fram lommeboka og kjøpte seg ein part privat. Det var ei stor oppmuntring for oss at «besiktigelsemannen» hadde så stor tru på prosjektet at han vart parteigar, sluttar Djupevåg.

Inger Wilhelmsen Seljestad frå Norheimsund var med i den første arbeidsgjengen. Ho blir blank i augo av nostalgi når me spør om korleis det var å starta arbeidet med «Mathilde» i Solheimsverkstaden sommaren 1984. Dei starta med Torbjørn Kaarbø som leiar, Kristian Djupevåg som fagleg rettleiar og tre ungdomar på tiltak i tillegg til henne sjølv. Etter eitt år på tømrarlinja på yrkesskulen i Steinsdalen vart den arbeidslause Inger Wilhelmsen Seljestad tilsett på Båtprosjektet ved hjelp av Rettedalsmidlar.
Inger fortel om korleis alt oppå dekket, slik som styrehuset, vinsjar og anna, først vart demontert. Deretter fjerna dei sjølve dekket og dekksbjelkane. Då dei skar vekk noko av garneringa for å sjekka spanta, viste det seg at «Mathilde» hadde meir roteskadar enn det ein hadde trudd, mykje måtte rivast, slik at ein kom til dei spanta som måtte erstattast. Seinare, då dekksbjelkane vart fjerna, vart skroget ustabilt, skuta låg der som eit skal. For å halda henne i fasong, måtte ho strammast opp med jernstag. Det blei så bygd eit presenningstak over skuta slik at fartøyet kunne haldast turt under arbeidet. Så starta jobben med å spa ut mold, det vil seia forvitra, rotna tre. Djupevåg var eksperten som bestemte kva som måtte bytast ut. Nytt trevyrke vart funne i skogen på Heradstveit og andre stader der det fanst seintvaksen furu. Dette arbeidet tok svært lang tid.

Overskrift frå HF 15.06.1984.

Rådmannen tilrår at Ungdomsprosjektet vert avskipa
Rådmannen skriv i saksframstillinga til formannsskapsmøtet i juni at arbeidsløysa i Hardanger har betra seg mykje på det halve året som er gått sidan formannskapet oppretta Ungdomsprosjektet. I Kvam er det i juni 1984 berre elleve gutar og tre jenter i alderen 17-27 år som er utan arbeid, og han meiner at det kan ikkje vera turvande å halda oppe eit ungdomsprosjekt med eigen prosjektleiar.
Båtprosjektet egnar seg ikkje for arbeidslaus ungdom, slår rådmannen fast, og understrekar at det ikkje er kome svar på søknader om økonomisk støtte som er sende til aktuelle instansar utanfor kommunen. Han åtvarar mot prosjektet, og meiner heradet ikkje bør ta på seg oppgåver det ikkje er økonomisk grunnlag for.

Ikkje alle i administrasjonen var einige i rådmannen sitt syn. Helse- og sosialsjef Hans Atle Soldal skreiv 15. juni brev til formannskapet der han let vel over arbeidet til Kaarbø og argumenterte sterkt for at Kaarbø sitt engasjement måtte forlengjast til stiftinga var organisert og kunne overta ansvaret for det planlagde restaureringsarbeidet. Leiar for PP- tenesta i Kvam, Ingmar Lid, rådde også til at Båtprosjektet, som eit eigna tiltak for yrkesvalhemma ungdom, vart vidareført.

Overskrift frå HF 24. august 1984

Båtprosjektet ute i “hard sjø” i Kvam heradsstyre

Slik skriv HF i referatet frå møte i Kvam heradstyre 21. august 1984. Guttorm Skeie frå Arbeidsnemnda orienterte i heradsstyremøtet om nemnda sitt arbeid så langt. Han poengterte at tida hadde vore knapp til å få alle formalitetar på plass. Miste dei no prosjektleiaren, trudde han det ville verta vanskeleg å fullføra prosjektet på frivillig basis. Dersom heradet i tillegg sa nei til å teikna partar i stiftinga, trudde han det ville vera klokast å avblåsa heile prosjektet. Skeie sette fram slikt framlegg:

  • Prosjektleiar vert engasjert ut året med arbeidsoppgåver knytt til Båtprosjektet, slik at Stiftinga av partlaget kan gjerast.
  • Kvam herad viser si støtte til prosjektet ved å teikna partar for
    t. d. kr. 10.000.

Ordførar Waage sette fram formannskapet si tilråding:

  • Ungdomsprosjektet i Kvam vert avskipa frå 31.august 1984, og prosjektleiar Torbjørn Kaarbø vert løyst frå engasjementet frå same tid. Formannskapet må inngå samarbeid med Arbeidskontoret for å laga ein plan for sysselsettinga i heradet, der arbeid for ungdom er ein vesentleg del.
  • Heradsstyret ser Båtprosjektet som eit regionalt tiltak som høyrer inn under kultursekstoren i dei aktuelle kommunane i samarbeid med fylkeskulturstyret. Heradsstyret ber om at nemnda som har arbeidd med ungdomsprosjektet, snarast syter for å skipa den omtala stiftelsen for restaurering av den innkjøpte hardangerjakta. Dersom det vert aktuelt med restaurering av båten, må kultursektoren i dei kommunane som naturleg er med i regionen, verta kalla inn, slik at desse vert engasjerte i tiltaket. Ein bed kulturkontoret hjelpa nemnda med vidare planlegging av prosjektet, og kulturkontoret får høve til, i den mon det er turvande, å engasjera noverande prosjektleiar som sekretær fram til stiftinga er komen i stand.
  • Kvam herad viser si støtte til prosjektet ved å teikna partar for kr 10.000.

Saka vekte mykje debatt, og det vart forlanga gruppemøte. Administrasjonen måtte tåla kritikk for dårleg saksførebuing, men SV sitt utsetjingsframlegg vart avvist.
Ein representant gjorde framlegg om at prosjektleiaren burde få fast tilsetjing i Kvam herad, nokre meinte han burde vera i stillinga si fram til Stiftinga var etablert, andre var klare på at prosjektleiaren sitt engasjement var over i slutten av august. Nokre representantar var redde for at Båtprosjektet ville verta eit dyrt og risikabelt prosjekt, ja reint ut sagt farleg.

Avisa Hardanger refererer også frå møtet:

Ungdomsprosjektet i Kvam
Båtprosjektet i Kvam vert kultur og ikkje sysselsetting
Sjeldan har det vore så lang, så inkjeseiande og unaudsynt heradstyredebatt i Kvam, som då ein skulle ha føre det såkalla Ungdomsprosjektet. Det heile utvikla seg til ordskifte i to plan: På det eine planet var det tale om ungdomsprosjektet og den utgreiinga som skulle ha førelege, altså om saka. På det andre planet konkurrerte heradstyremedlemene om å ha høyrt minst mogeleg om heile prosjektet…

Då heradstyremøtet var slutt, var ungdomsprosjektet avvikla, og restaureringsprosjektet gjekk ei usikker framtid i møte. Eldsjelene Torbjørn Kaarbø og Kristian Djupevåg visste at det var opp til dei to om arbeidet på «Mathilde» kunne halda fram, og om dei arbeidsledige og arbeidsvillige ungdomane framleis hadde jobb å gå til. No måtte alt setjast inn på å få det formelle med Stiftinga Hardangerjakt på plass. –Me følte at politikarane hadde spent beinkrok på prosjektet vårt, seier Kaarbø. No måtte me gå over bekken etter vatn, det var lite å henta i Kvam. Dei første løyvingane kom frå Norsk kulturråd, som løyvde kr 150000 til prosjektet. Deretter kom fylkeskonservator Nils Georg Brekke på banen. Han skreiv ei svært god utgreiing om Båtprosjektet. Hans faglege tyngde var viktig for å få løyvingar hjå dei ulike departementa i Oslo. Paradoksalt nok fekk me mest støtte lengst heimanfrå, oppsummerer Kaarbø turt.

Guttorm Skeie, leiar i Arbeidsgruppa for Ungdomsprosjektet, hadde sagt seg villig til å stå som formann i Interimsstyret for Stiftinga. 26.sept. 1984 vart det kalla inn til formelt skipingsmøte for Stiftinga Hardangerjakt, og HF skriv:

26. september vert det halde skipingsmøte i Stiftinga Hardangerjakt. Før møtet var det synfaring på skuta som ligg ved Solheimsverkstaden i Norheimsund.
Det ser no ut til at prosjektet kan realiserast, både som eit vernetiltak for gamle Hardangerjakter og som sysselsettingstiltak for arbeidslaus ungdom. Det er løyvt større tilskot frå Norsk kulturråd og frå Hordaland fylkeskulturstyre. Det er og selt partar for kr. 79.000, eigenkapitalen er kr. 100.000.
Det har vore ein god del skepsis til prosjektet, både hjå administrasjonen i heradet og i Kvam formannskap, noko som har gjort det vanskeleg for prosjektgruppa. Når utanforståande ekspertar no syner stor interesse og dertil løyver pengar, vil truleg skepsisen minka og det vert lettare å få tiltaket i gang.

På skipsmøte vart vedteka godteken. Her er førmålsparagrafen:

Det vart valt styre på 5 medlemer med personlege varamenn. Slik var det første styret samansett:
Leiar Kristian Djupevåg, Tørvikbygd.
Styrelemer: Knut Hass, Rosendal, Harald Jordal, Odda, Inger Wilhelmsen, Øystese, Ågot Gammersvik, Hardanger Folkemuseum.
Sekretær: Torbjørn Kaarbø.

Stiftinga var no ein realitet, og ein kunne ta fatt på eit nytt kapittel. Etter kvart som løyvingane frå fylkeskommunen kom, den første i september 1984, pålydande kr. 150.000, snudde stemninga blant folk flest, og Båtprosjektet vart omtala i meir positive vendingar enn før.

Sjølv om det formelle med Stiftinga Hardangerjakt no var på plass, var det tungt å få «skuta i siget.»
Heile våren 1984 hadde Torbjørn og eg brukt mykje tid til å informera om prosjektet og få folk til å teikna partsbrev i stiftinga, fortel Kristian Djupevåg. – Torbjørn sin jobb som dagleg leiar var ikkje berre å skaffa pengar til restaureringa, men også til lønningar. Situasjonen var vanskeleg: «Så lenge du greier å skaffa pengar, Torbjørn, har du jobb! Får me ikkje tak i midlar, stoppar prosjektet opp av seg sjølv!»
Me sat mange seine kveldar på Solheims-verkstaden og lurte på kva me skulle gjera for å skaffa pengar. Ein dag fekk me hjelp frå uventa hald. Ei lita bok kom oss i hende, faktisk frå ein i Indremisjonen. I boka var der oversikt med liste over organisasjonar og legat slike prosjekt som vårt kunne søkja midlar frå. Torbjørn var ganske enkelt eit geni, han skreiv og sende søknader, og det draup inn litt frå ymse kantar, og me fekk det til, veke for veke.

Knut Aage Vikøy, som representerte SV i heradstyret på denne tida, minnest pågangsmotet til eldsjelene Djupevåg og Kaarbø: – Kombinasjonen av fagkunnskapen til Kristian Djupevåg og det systematiske og metodiske arbeidet til Kaarbø, var genial. Kaarbø dreiv omfattande lobbyverksemd, og reiste mange gonger til Oslo for å promotera prosjektet og snakka med politikarar og byråkratar som kunne påverka tildeling av midlar. I tillegg inviterte han ressurspersonar til Kaldestad slik at dei fekk sjå skuta, møta entusiastiske fagfolk og medarbeidarar. I tillegg nytta Kaarbø høvet til å presentera planar for vidare drift av «Mathilde», slik ho ville koma til å «framstå i sin fordums fulle prakt.»

På mindre enn eitt år hadde altså arbeidsgruppa, med Kaarbø og Djupevåg i spissen, realisert idéen om Båtprosjektet som sysselsettings- og kulturtiltak og såleis lagt grunnlaget for det eineståande føretaket som Hardanger fartøyvernsenter er i dag. Riksantikvar Jørn Holme uttalte seg slik om senteret i april 2017:

«Eg vert imponert over kor vellukka det har vore, og kor viktig rolle det speler. Senteret er eit førebilete for korleis me vil ha det i Noreg.»

Frå Hordaland folkeblad 25. april 2017

Betre attest er vel ikkje råd å få?

Riksantikvar Jørn Holme

Fartøyvernsenteret idag:

Foto: Silje Ensby/Hardanger fartøyvernsenter

Kjelder:

Intervju med Torbjørn Kaarbø og Kristian Djupevåg

Særutskrifter frå møtebok til Kvam formannskap og Kvam heradsstyre 1984

Referat frå møte i arbeidsgruppa for Ungdomsprosjektet i Kvam 1984

Diverse referat og notat frå arkivet til Hardanger fartøyvernsenter

Stoff frå avisene Hardanger og Hordaland Folkeblad

Samtale med Inger Wilhelmsen, Geir Madsen, Hans Atle Soldal og Knut Aage Vikøy

Bilete frå arkivet til Hardanger fartøyvernsenter

Les meir om Hardanger fartøyvernsenteret, og følg prosjekta våre her:

https://fartoyvern.no/

instagram.com