26. og 27. mars 2019 gjekk seminaret om elektriske installasjonar i verna skip av stabelen på Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund.

Tema for seminaret var korleis auke det antikvariske nivået, og få til tidsautentiske og trygge el-installasjonar i verna fartøy.

Dei fem innleiarane var bedne om å fokusere på følgjande tema:

  • Restaurering og gjenbruk av demontert materiell
  • Bruk av nyprodusert materiell som er laga som kopiar av gammalt.
  • Bruk av moderne installasjonar og utstyr som skal skjulast best mogleg.
  • Bruk av moderne installasjonar og utstyr som kan vera synleg og kan skille seg ut frå det originale (t.d, røyksensorar, brannmelderar, naudslys etc)
  • Kvar får ein tak i aktuelt materiell og kva er godkjent for bruk i skip.
  • Krav frå myndigheitene
  • Om dokumentasjon av el-installasjonar
    • Før demontering, tidfesting etc
    • Ved demontering og lagring
    • Prosjektering for reinstallasjon
    • Dokumentasjon for myndigheiter
    • Dokumentasjon for vedlikehald og drift

Seminaret samla 30 deltakerar frå diverse fartøy og fartøyverssentra frå Gratangen i nord til Kristiansand i sør. Det var ekstra viktig at representantar for Riksantikvaren, Sjøfartsdirektoratet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB, tidlegare el-kontrollen) kunne delta sidan desse organa kvart på sit vis set føringar for arbeid med el-installasjonar.

bilde 1Frå auditoriet ved Hardanger fartøyvernsenter

Gjennom førebudde innlegg og drøftingar i plenum blei deltakarane ført inn i aktuelle problemstillingar kring antikvariske omsyn og regleverk for el-installasjonar.

Før ein set i gang arbeid med el-installasjonane er dokumentasjon av alle detaljer nøkkelen til suksess for ei vellukka gjenskaping. Systematisk arbeid med nummerering av lugarar og vidare på delenivå må til for å klare å halde oversyn. Dette er særleg viktig med tanke på at ei restaurering går over fleire år og gjerne involverer mange personar.

registrering av delerDøme på skjema for registrering av deler. Hugs at del nummer skal vera knytt til den einskilde lugaren / området.

Dersom restaureringa inneber tilbakeføring til eit anna stadium er du heldig dersom du har foto frå den aktuelle perioden. Da er det å søke med lys og lupe på jakt etter relevante detaljar. Diverre er det få foto å finne frå interiør, særleg frå bruksfartøy. Neste steg å ha argusauga for sjå etter, og tolke spor etter tidlegare installasjonar. Typisk er da spor i malinga etter leidningar og bryterar. Gamle skruehol etter innfesting av beslag m.m. gir også indikasjonar kvar ting har vore montert.

bilde 2Frå MS Granvik, tydeleg spor i malinga etter gammal installasjon som låg skult under ei nedsenka himling i røykesalongen

For fotodokumentasjonen er eit praktisk tips å lime ein bit malartape på alle komponentar og føre på delnummer med tusj før grundig fotografering av alle skott og tak. På den måten får de god oversikt over komponentane og plassering når dei ein gong skal remonterast, kanskje fleire år etter demonteringa.

bilde 3MF Folgefonn I, døme på merking med malartape i samband med fotodokumentasjon om bord

I tillegg er det naudsynt å lage enkle skisser med mål for plassering av komponentar, gjerne med små kommentarar. Du treng ikkje å ha prestasjonsangst, for skissene fungerer til føremålet sjølv om dei er grove og gjort for hand. Det er smart å vera to personar ved slikt arbeid, ein lager skisser og ein tar mål. På den måten er jobben sosial, to får kunnskapen og du har nokon å diskutere med.

bilde 4

bilde 5

Døme på dokumentasjon frå MF Folgefonn I

Ein anna del av dokumentasjonsjobben av meir teknisk og profesjonell art er skjematisk teikning av el-anlegget med symbol etc. brukt i bransjen. Minimum er eit såkalla einlinjeskjema som viser aktuelle kursar m.m. Dette bør ideelt sett gjerast både før og etter restaureringa. Etter ei restaurering vil DSB i alle høve krevje slik dokumentasjon for å kunne godkjenne installasjonen og fartøyeigar vil ha glede av den i all framtid.

Husk at sjølve installasjonsarbeidet berre kan utførast av autorisert firma. Fartøyeigar må da leige inn fagfolk og budsjettere midlar til det. Erfaring tilseier at det er lett å undervurdere omfang og kostnadar med slikt arbeid

bilde 6Døme på skjematisk el-dokumentasjon (Nord-Norsk fartøyvernsenter og båtmuseum)

Enkelt sagt krev Riksantikvaren minst mogleg endring i el- installasjonar som elles i fartøyet. Riksantikvaren presiserte at slike installasjonar i seg sjølv representerer tidstypisk teknisk historie og er slik sett ein like viktig som andre deler av fartøyet. Når det likevel må skje reparasjonar er kravet at deler som kan gjenbrukast blir gjenbrukt. Dette gjeld typisk deler som koplingsboksar, bryterar, brytarpanel, sikringstavler, armaturar etc. Det er gjerne tæring i metallkoplingar, fjører har blitt slappe og plast og bakelitt har blitt sprøtt med åra, men slike gamle deler er solid laga og kan i mange tilfelle restaurerast for gjenbruk dersom funksjonen kan bli like bra som nytt. Dette siste punkteter avgjerande for at Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) skal kunne godkjenne eit el-anlegg. Når det gjeld el-anlegg er det ikkje nokon mellomting, det må fungere 100 % for å vera trygt. Når gjenbruk ikkje er mogleg kan eit søk etter gamle brukte deler av same type gi resultat. Det viser seg også at noko installasjonsmateriell forsett er i produksjon, og at anna er sett i ny produksjon i ein veksande marknad for retro-produkt. Det er ikkje tilrådeleg å gjenbruke gamle el-kablar. Bruk av godkjente skipskablar omspunne med tråd kan vera ei løysing. Ein skal da ha tanke for varmgang i kabelen da tråden gir ekstra isolasjon. Alternativt kan spesialbestilling av gamle typar skipskablar la seg gjera, men da må ein opp i store volum. Det kan eventuelt vera aktuelt for eit fartøyvernsenter å få produsert slik kabel for lager og vidaresal.

bilde 7

bilde 8Døme på aktuelle produkt som er å få kjøpt nye. Kablane er godkjende skipskablar som er omspunnen med tråd for å sjå ut som gammal type

bilde 9Diverse kablar og kabelsko frå MF Folgefonn I. Ein enkel og konkret måte å dokumentere kabeltypar mm.

Utval aktuelle leverandørar av el-materiell til verneverdige skip

I linken under kan ein finna  leverandørar og produsentar som kan vera aktuelle for leveransar til verneverdige skip. Lista er utarbeida basert på tips gitt av deltakarane på el-seminaret. Hadanger Fartøyvernsenter går ikkje på noko vis god for produkt og produsentar.

Utval aktuelle leverandørar av retro el- og installsjonsmateriell

Av fartøyvernsentra er det Nordnorsk fartøyvernesenter og båtmuseum som har samla mest gammalt el-materiell og bygd kompetanse på feltet. Nokre frå private firma har opparbeida kompetanse innan antikvarisk istandsetting av el-anlegg i verneverdige skip.

Til slutt er igjen å presiserer at når det gjeld el-anlegg må tryggleik stå øvst på agendaen, og installasjonar skal godkjennast av autorisert installatør. Det er likevel mogleg å skape antikvarisk bra anlegg som ikkje skjemmer eit fint maritimt kulturminne